Stortinget er i opprør etter at det vart kjent at Reidar Nordby jr. må gå frå jobben som toppsjef i Norsk Tipping for skattesnyteri, men at han likevel får halde fram som spesialrådgjevar for ei årsløn på 1,65 millionar kroner.

Slepp straffeskatt

Saka får eit etterspel på Stortinget. Giske har ikkje gjort det enkelt for seg sjølv. I går sa statsråden at han ikkje ser nokon problem ved avtalen Nordby har fått.

Nordby seier det har vore «ein prosess» omkring saka sidan august. Då konfronterte styreleiar Sigmund Thue tippesjefen med opplysningar han hadde fått.

Nordby opplyser at han sjølv kontakta likningskontoret på Hamar straks etter at Thue reiste saka. Han opplyser at saka allereie er ferdigbehandla av likningskontoret. Han har fått vedtaket derfrå som inneber at han skal betale skatt, men slepp straffe— eller tilleggsskatt.

Nordby held fram i direktørstillinga inntil vidare, så lenge styret ønskjer det.

Tippedirektøren vil ikkje kommentere reaksjonane i det politiske miljøet. Han seier at han ikkje har kravd å oppretthalde lønsvilkåra sine.

- Ikkje premiere skattesnyt

Både i opposisjonen og mellom regjeringspartia er reaksjonane harde:

— Skattesnytarar premierer vi ikkje. Dei straffar vi, seier Lars Sponheim (V).

Stortingspolitikarar frå andre parti erklærer seg samd med Sponheim. Ein av desse er Ola T. Lånke frå KrF. Han sit i kontrollkomiteen.

— At det går an, seier Lånke.

Visepresidenten på Stortinget, Carl I. Hagen (Frp), seier avtalen er heilt uakseptabel: - Direktøren har valt å seie opp. Då bør han kunne få løn i oppseiingstida, men så må det vere slutt. Å la han halde fram i selskapet, til og med på direktørvilkår, er ikkje akseptabelt. Han bør ikkje vere der i det heile når ny direktør blir tilsett. Eg reknar med at statsråden grip inn. Elles vil dette vere ei naturleg sak for kontrollkomiteen.

Hagen er sjølv medlem av komiteen.

Også Lånke held ope for at dette kan bli ei sak for kontrollkomiteen.

- Avskilsgrunnlag

Per-Kristian Foss (H), som også sit i kontrollkomiteen, seier at han ventar seg ei forklaring frå Giske. Foss vil ikkje avvise at dette i neste omgang kan bli ei sak for kontrollkomiteen.

— Nordby har sete som forvaltar av pengar til det friviljuge Noreg. Det han har gjort, er eit alvorleg tillitsbrot. Mykje tyder på at det her eigentleg er snakk om eit avskilsgrunnlag, seier Høgre-leiar Erna Solberg.

FÅR ETTERSPEL: I går sa kulturminister Trond Giske at han ikkje ser nokon problem ved avtalen tippedirektør Nordby har fått. Saka kan få eit etterspel i Stortinget. ARKIVFOTO: SARA JOHANNESSEN, SCANPIX
Scanpix