Både Helsedepartementet og Matdepartementet fekk denne alarmerande meldinga i går.

Det framgår i eit brev frå Mattilsynet, ved administrerande direktør Joakim Lystad. Brevet var i utgangspunktet unnateke frå innsyn, men vart etter kvart frigjeve.

Kjøttberg hopar seg opp

Aktiviteten i Gilde-konsernet er nå redusert med 25 prosent som fylgje av marknadssituasjonen, heiter det i brevet. Konsekvensen er redusert sysselsetting. Ein har måtta gå over til fire dagars veke.

Vidare konsekvensar er lageropphoping og opphoping av slaktedyr.

«Ytterligere tiltak vil få uoversiktelige konsekvenser, og konsernsjefen mener det vil stå om selskapets og varemerkets fremtid,» skriv direktør Lystad i brevet til dei to departementa.

I brevet gjennomgår han utviklinga i den alvorlege smittesaka, som gjeld E.coli, frå dag til dag. Landbruksdepartementet hadde i går ingen kommentarar til innhaldet i brevet.

Gilde-sjef snakka ut

Dei dramatiske meldingane om situasjonen for Gilde bygger på ein samtale mellom Lystad og konsernsjefen i Gilde, Axel Krogvig.

Krogvig skal ha vist til at Gilde gjennom tre og ei halv veke har måtta forhalde seg til ubekrefta mistanke om smitte i kjøttdeig frå slakteriet på Rudshøgda ved Hamar. I nokre dagar har også Gilde Fosen kome i søkelyset som fylgje av prøva frå Lidl.

Lystad slår fast at Mattilsynet ikkje har fagleg grunnlag for å vurdere dei marknadsmessige konsekvensane av ytterlegare tiltak overfor Gilde-produkt.

«Men vi har full ydmykhet overfor at konsekvensene vil være svært store for arbeidstakere og eiere/produsenter,» skriv Lystad.

— Alvorleg

Gilde er tydeleg overraska over at brevet, med eit slikt innhald, er gjort offentleg.

Kommunikasjonsdirektør Nina Sundquist i Gilde seier til Bergens Tidende at Gilde registrerer at brevet var unnateke frå innsyn, men at ho likevel har funne det på heimesida til Mattilsynet og lasta det ned derifrå.

— Når dette er sagt kan eg likevel seie følgjande: Det er ingen tvil om at denne saka er alvorleg. Gilde har frå første stund arbeidd for å finne ei eventuell smittekjelde. Tilbakemeldingane vi får frå kundar og forbrukarar viser at dette er rett fokus, seier Sunduist. Og ho legg til:

— Når tida er inne for det, vil Gilde vurdere dei økonomiske og omdømemessige konsekvensane av denne saka.

Kritikk og sjølvkritikk

— Matttilsynet rettar også kritikk mot Gilde ved å seie at det er kritikkverdig at Gilde ikkje straks etter 24. februar iverksette ei rad tiltak. Kva har Gilde å seie til dette?

— Mattilsynet har heile tida vore orientert om våre handlingar i saka, korleis vi har fylgt opp. Ja eg kan seie det sterkare: Tiltaka våre er gjennomførde i nært samråd med Mattilsynet. Ut over det har Gilde ingen kommentarar, seier Sundquist.

Mattilsynet på si side tek nå sjølvkritikk for at tilsynet ikkje har hatt meir skriftlege og tydelege beskjedar til Gilde og kundane deira. Tilsynet tek også sjølvkritikk for ikkje å ha kontrollert at tiltak ein meinte skulle gjennomførast, vart fylgd opp av Gilde.