Heile 100 milliardar av «tapet» kan tilskrivast at kronekursen styrka seg med 15 prosent. Fondet var ved årsskiftet på 609 milliardar kroner. Dette viser dei nakne tala som sentralbanksjef Svein Gjedrem og direktøren for Noregs Bank Kapitalforvaltning, Knut N. Kjær, presenterte i går.

Positivt i 4. kvartal

Trass i at avkastinga på kapitalen vart minus 4,7 prosent i fjor, er dei to rimeleg nøgde. I ein verdipapirmarknad sterkt prega av verdifall, oppnådde fondet ei avkasting 0,25 prosent over avkastinga på ein referanseportefølje som Finansdepartementet har fastsett.

I fjerde kvartal isolert oppnådde fondet eit positivt resultat på 2,8 prosent som verka til å rette opp noko for resultatet etter dei tre første kvartala, som synte minus 7,4 prosent.

Gjedrem understrekar sterkt at sjølv om fondet har hatt negativ avkasting dei siste to åra, så tilseier alle historiske tal at avkastninga vil vere svært positiv over tid. Sidan fondet skal vere langsiktig investor, må ein ikkje trekke forhasta konklusjonar basert på to års resultat.

Med den tidshorisonten fondet har, kan fondet betre enn dei fleste andre store investorar leve med svingingar i avkastinga, fastslår Gjedrem.

Eig 0,4 prosent av Europa

Knapt ein femdel av dei samla aksjeinvesteringane fondet sit på, vart gjort i år 2000, det året då kursane nådde toppen.

Fondet får nå tilførd mykje ny kapital kvar månad. Opplegget er nå at desse midlane blir styrt mot investeringar i aksjar når det har vore svak avkasting på aksjar i forhold til obligasjonar. På same måte blir det kjøpt obligasjonar når dei har synt relativt svakare avkasting enn aksjar.

Oljeformuen som tilflyt staten gjennom Petroleumsfondet, blir nå systematisk «ombytta» i eigarskap i selskap. Såleis er den norske statlege eigarskapen i europeisk næringsliv auka frå 0,13 til 0,40 prosent, ifylgje Gjedrem.