Dette skriv yngste sonen til tidlegare statsminister Einar Gerhardsen, Rune, i memoarboka si som nå kjem ut.

Det opprivande oppgjeret mellom Einar Gerhardsen og Haakon Lie, som skjedde på landsmøtet i Ap i 1967, er av dei mest dramatiske hendingane på personplanet i nyare norsk historie.

Frykteleg oppgjer

Gerhardsen kritiserte frå talarstolen partisekretæren Lie, som stod på val i 1967, for å ha eit temperament og ein leiarstil som var uakseptabel. Då Gerhardsen sette seg, veste Lie mot han: «Eg skal knekke deg som ei lus!»

Dei hadde i meir enn 45 år vore nære vener, vore saman i arbeid og i fritid, på hytteturar og i fest.

Det skulle gå meir enn 20 år før dei snakka saman att og møttest til det som vart presentert som eit forsoningsmøte då Haakon Lie i 1987 fylte 80 år.

Rune Gerhardsen teiknar nå eit heilt anna bilete av oppgjeret og «forsoninga» enn det «brubyggjaren», Jens Christian Hauge, tidlegare har gjort.

I boka si som Hauge gav ut i 1989, skildrar han dei mange små steg som vart gjort fram mot forsoning mellom dei to. Hauge var sjølv aktiv pådrivar.

Hauge fekk med seg Gerhardsen heim til Lie då denne fylte 80 år. Dei snakka saman og det vart teke mange bilete som skulle syne at dei to nå var forsona.

Men då Gerhardsen kom heim fortalde han om møtet med Haakon Lie:

«Aldri forsoning»

«Han tok meg i handa. Men han såg bort.»

Utsegnet er mynta på kva Rolf Gerhardsen skal ha sagt etter at brotet mellom Einar Gerhardsen og Haakon Lie var eit faktum:

«Hvis du skal snakke alvorlig med Haakon, så må dere kjøre bil. Og Haakon må kjøre. Da slipper han å se deg i øya» siterer Rune Gerhardsen. Han skriv at mannen som kunne trollbinde og sjå store forsamlingar i auget, vart flakkande i blikket «når han stod ansikt til ansikt med enkeltmennesker. Særlig når samtalen var krevende».

Rune Gerhardsen skriv nå at «det ble aldri noen forsoning».

Kva er rett?

Hauge vil ikkje svare. Til Bergens Tidende seier Hauge i dag:

— Eg viser til det eg skreiv i boka. Eg har ingen kommentarar til det Rune Gerhardsen skriv.