Det gjeld ei sak som Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene (EOS-utvalet) har granska og omtala i årsmeldingane sine både i fjor og i år.

EOS-utvalet har nå alarmert Stortinget om forholdet.

Kritiserte sterkt

Både Kontrollutvalet og Kontroll— og konstitusjonskomiteen i Stortinget kritiserte Forsvaret for saksbehandlinga i saka, mellom anna at klagaren og advokaten hans ikkje hadde fått fullt innsyn i saksdokumenta.

I Stortinget, 5. juni i fjor, gav dåverande forsvarsminister Bjørn Tore Godal uttrykk for ein viss sjølvkritikk då han sa at «innsyn kunne ha blitt gitt på et tidligere stadium av saksbehandlingen».

Dette kunne vanskeleg oppfattast annleis enn at innsyn var gjeve.

Skreiv til Godal

Advokaten til klagaren, Erik Fredum, skreiv då omgåande til Godal og påpeika at det ikkje var rett, og at han ikkje hadde fått fullt innsyn i saksdokumenta.

— Først meir enn tre veker seinare, 29. juni, og etter å han sendt ny purring til Godal, fekk eg fullt dokumentinnsyn, opplyser Fredum til Bergens Tidende.

Meir graverande er nok likevel feilinformasjonen som dagens forsvarsminister, Kristin Krohn Devold, står ansvarleg for.

- Alvorleg

I brev til Kontrollutvalet 5. desember i fjor, opplyste ho at to av klagaren sine tidlegare overordna, hadde gått tilbake på forklaringar dei hadde kome med.

— Dette var ikkje tilfelle. Begge møtte som vitne i retten i mars og heldt fast ved den framstillinga dei tidlegare hadde gjeve, seier Fredum.

Då den nye feilinformasjonen kom, sto saka for retten. Det kunne gjere feilinformasjonen endå meir alvorleg.

— Det er klart at dette er svært alvorleg, seier Ågot Valle (SV) til Bergens Tidende. Ho er leiar for Kontrollkomiteen på Stortinget, som har fått denne saka til behandling.

Vil straffe embetsmenn

Frp-formann Carl I. Hagen sit også i Kontrollkomiteen. Han seier til Bergens Tidende at han meiner det er ille at ein ikkje kan lite på dei opplysningane statsrådane gjev. Han meiner mange statsrådar altfor ukritisk skriv under på nær sagt kva det skal være som kjem frå embetsverket, utan nokon form for kvalitetssikring.

Eg ser ikkje heilt bort frå at feilopplysningane frå statsrådane i denne saka kan kome av at dei er blitt feilinformert av embetsverket. Men inntil vi ser dokumentert at folk blir flytta eller degradert som fylgje av desse feilopplysningane, må vi gå ut frå at statsråden går god for og stiller seg bak feilopplysningane, seier Hagen.

fakta/klagesaka

  • Ein sivilt tilsett i Forsvaret mista i 1999 jobben etter at Forsvaret hadde fråteke han den tryggingsklareringa han var avhengig av for å kunne gjere jobben sin. Han klaga til EOS-utvalet.
  • Grunnlaget for å inndra tryggingsklareringa, var «flere brudd på dokumentsikkerheten» ved at han ikkje skal ha overhalde reglar og rutinar for nedlåsing av dokument gradert «Begrenset og Konfidensielt» på eige kontor.
  • Kontoret låg i ein bygning der det var kontinuerleg vakthald og der berre autorisert personell hadde tilgjenge. Det var også erkjent at kompromitteringsfaren var svært liten.
  • Klareringsorganet trekte inn registrerte brot som var inntil 10 år gamle.
  • EOS-utvalet var svært kritisk til behandlinga av saka i Forsvaret og i Forsvarsdepartementet som behandla saka som klagesak.
  • Utvalet tok saka opp att til ny gransking etter å ha fått opplysningar om feilinformasjon frå Godal. Og i den nye runden kom meir feilinformasjon frå den nye statsråden.