Orienteringa hennar i går har tvert om gjeve blod på tann.

Strøm-Erichsen slapp lett frå det då ho møtte i Stortinget i går. Alle partia er nøgde med utgreiinga ho gav om legedekninga for dei norske soldatane i dag og fram til 1. april neste år. Dei lit på forsikringa om at legedekninga er blitt tilfredsstillande.

Sterkt kritiske

Kva som skal skje etter 1. april, kunne forsvarsministeren ikkje seie noko om.

Den verkelege utfordringa kjem under høyringa i kontroll— og konstitusjonskomiteen, truleg 4. desember.

Opposisjonspartia er sterkt kritiske til at sanitetssituasjonen i periodar har vore altfor dårleg.

Klarast i kritikken er KrF-leiar Dagfinn Høybråten.

— Det er påfallande at langvarige problem er blitt løyst i løpet av ei langhelg.

Høybråten spør kvifor Anne-Grete Strøm-Erichsen ikkje har gjort meir tidlegare. Fleire politikarar meiner statsråden har vore for passiv.

Høybråten gjer det heilt klart at utgreiinga frå Strøm-Erichsen legg grunnlag for å bore djupare i mange spørsmål under granskinga som kontrollkomiteen nå går i gang med.

Eit av desse spørsmåla er kven som avgjer kva som er forsvarleg legedekning under operasjonane i Afghanistan.

— Dersom sanitetssjefen meiner at legedekninga ikkje er bra nok, og det likevel blir konkludert med at legedekninga er tilstrekkeleg, betyr det at ein annan enn ein medisinsk kompetent avgjer dette spørsmålet. Det er svært urovekkjande.

Høybråten legg til at Stortinget langt ifrå er ferdig med behandlinga av avgangen til sanitetssjefen, generalmajor Leif Sverre Rosén.

Kansellerte oppdrag

I går måtte forsvarsministeren vedgå at legedekninga i periodar har vore så dårleg at ein ikkje har kunna gjennomføre planlagde oppdrag i Nord-Afghanistan. Det gjeld ifølgje Strøm-Erichsen i ti av 73 veker.

Til BT opplyser Strøm-Erichsen at det omfattar oppdrag som skulle vore utførd dels av soldatar som er stasjonert i Meymaneh og dels soldatar som er stasjonert i Mazar e-Sharif. Ho legg til at kanselleringa av oppdrag for dei norske styrkane ikkje har gått ut over andre allierte styrkar.

Kritisk faktor

Forutan legedekninga er transportkapasiteten ein kritisk faktor. Under stortingsmøtet kom det fram at norske soldatar kan vere ute på oppdrag i område med ei reisetid på dagar unna leiren. Behovet for rask helikopterevakuering kan derfor vere stort.

Noreg skal overføre tre helikopter til Afghanistan. Forsvarsministeren har opplyst at dei vil vere på plass «på nyåret».

På direkte spørsmål om kva det inneber, opplyste statsråden i går at det betyr mars-april. For å operere helikoptera treng ein nemleg ein styrke på 70 mann. Og dei norske helikoptera vil ha ein langt dårlegare kapasitet og utrusting enn dei tyske som dekker behovet i dag. Dei norske er dessutan langt meir sårbare mot åtak.

I STORTINGET: Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) fekk pen behandling då ho møtte i Stortinget i går. Ho må rekne med tøffare klima i den opne høyringa.
Lien, Kyrre