StatoilHydro svir av over 20 millionar kroner på Ormen-feiringa laurdag. Men det er for ingen ting å rekna mot dei 50 milliardar kronene som hittil er lagt ned i gassprosjektet på land og sjø.

Röyksopp og Ane Brun spelar opp til gratiskonsert på Aker Stadion. Kong Harald og dronning Sonja slår følgje med StatoilHydro-toppane Helge Lund og Eivind Reiten ut til landanlegget på Nyhamna på øya Gossen i Molde sin nabokommune Aukra.

Nordmøre har grunn til å gle seg. Ringverknadane er store av Ormen Lange, sjølv om prosjektet direkte gir berre 70-75 faste arbeidsplassar i Aukra og 20-25 hos driftsoperatør Norske Shell i Kristiansund.

Er i gang

Dei undersjøiske installasjonane ved stupbratte Storegga, mottaksanlegget på Nyhamna og gassrøyrleidningen til England, er alt tekne i bruk. 13. september strøymde den første gassen frå Ormen Lange til britiske bedrifter og privathushald.

No er det storstilt feiring av at prosjektet er i hamn i tråd med framdriftsplanen.

I 2010 er gassproduksjonen på topp, og slik vil det halda fram i dei neste 30-40 åra. Naturgass i røyr, kondensat på skip. Verdiar for minst hundre millionar kroner dagen, avhengig av ein svingande spotpris.

24.000 vikingskip

Gassrøyrleidningen Langeled går frå Ormen Lange via Sleipner-feltet til Easington i Storbritannia, og tek med seg Troll-gass undervegs.

Den 1200 km lange leidningen er verdas lengste gassrøyr til havs. Det tilsvarar ei samanhengjande rekkje av 24.000 vikingskip av Ormen Langes format. Olav Tryggvason (968-1000) sitt langskip skal ha målt mellom 45 og 55 meter.

Unik teknologi

Gjennom Ormen Lange-utbygginga har norsk offshoreteknologi markert seg i den absolutte verdstoppen.

Forseringa av Storegga og plassering av produksjonanlegg på djupt vatn har vore hovudutfordringar.

Utbygginga hadde ikkje vore mulig utan den norskutvikla fleirfaseteknologien, som tillet transport av olje, gass og vatn i samme røyr over lange avstandar.

GASSFELT: Klikk på knappen over grafikken for å se større versjon.