— Lokalsjukehusa skal bli oppretthaldne, seier Stoltenberg.

Han besøkte i dag Sogn og Fjordane - eit fylke som gir omgrepet sjukehuskrangel eit andlet.

Eit utval i Helse Førde har nemleg føreslått å omgjere dagens to lokalsjukehus i Eid og Lærdal til såkalla distriktsmedisinske senter.

Det vil i så fall bety at sentralsjukehuset i Førde blir fylkets einaste sjukehus.

Men i Soria Moria 2, den raudgrøne regjeringas plattform, er nedlegging av desse sjukehusa bannlyst.

— Det skal vere trygt for innbyggjarane, med nærleik i føde- og akuttsituasjonar. Difor skal vi ikkje leggje ned. Derimot vil arbeidsforma på lokalsjukehusa bli endra. Ikkje alle skal gjere det same, seier Stoltenberg.

Han vil ikkje gå inn på kva som skal vere maksimaltid for å kome til sjukehus.

— Det er vanskeleg for meg å si. I Finnmark er det på det meste en avstand på 50 mil. En slik avstand hadde aldri blitt akseptert i Sogn og Fjordane, seier Stoltenberg.