Sivilombodsmannen er Stortinget si vaktbikkje som skal føre kontroll med forvaltninga. Han er ikkje nøgd med måten Administrasjonsdepartementet nå praktiserer innsynsretten i søkarlister på offentlege stillingar.

Med bakgrunn i ei sak som gjeld søkarlista på stillinga som fylkesmann i Østfold, har ombodsmannen fleire gongar uttala seg kritisk om dei synspunkt og vurderingar departementet har presentert i saka.

Kritisk

Bergens Tidende reiste saka i klage til Sivilombodsmannen 13. januar i år.

Det siste brevet i saka sendte ombodsmannen 19. september. Her held han fast på dei vurderingane han kom med i avgjerda si frå mars i år. Han uttala seg då kritisk om fleire sider ved handsminga i departementet. Han var konkret usamd i fleire av vurderingane departementet hadde gjort, og ba departementet vurdere innsynsspørsmålet på ny.

I eit brev av 14. mai argumenterte departementet for at det var rett å unnta alle søkarane frå den offentlege søkarlista. Departementet argumenterte mellom anna med at di viktigare stilling det var tale om, di viktigare var det å kunne unnta søkarar frå ei offentleg liste, for å kunne få gode søkarar.

Like kritisk

Argumentasjonen og synspunkta frå departementet, har ikkje fått ombodsmannen til å endre vurderingar og konklusjonar. Samstundes gjer han det klart at han «etter omstendighetene» finn grunn til «å la saken bero med den forklaring som nå er gitt».

Ombodsmannen opplyser samstundes om at:

«Saken vil bli innberettet for Stortinget i forbindelse med min årlige melding.»

Motstrid

Argumentasjonen frå departementet står i motstrid med utsegner frå Justisdepartementet då lova vart endra slik at den opna for å unnta søkarar frå offentlege søkarlister. Her vart det slege fast at det skulle atskillig meir til for å unnta søkarar til viktige stillingar, frå søkarlista, enn for mindre viktige stillingar.

Argumentasjonen er også i strid med dei prinsipp og praksis som både Statsministerens kontor og Justisdepartementet seinare har slege fast.

Statsministerens kontor endra praksis og knesette nye prinsipp etter å ha fått kritikk frå ombodsmannen i ei klagesak som Bergens Tidende fremja i 1991.

Administrasjonsdepartementet fekk om lag samstundes kritikk frå ombodsmannen i ei parallell sak. Men statsråd Norman har nekta å ta konsekvensen av kritikken.

Den nye saka er ein illustrasjon av nettopp dette forholdet.

Ombodsmannen har ingen sanksjonsmiddel overfor politikarar og byråkratar som ikkje rettar seg etter kritikk og tilvisingar frå ombodsmannen. Det einaste verkemiddelet han då har, er å melde frå til Stortinget om forholdet. Og det er det han nå ser seg nøydd til.