Striden i Regjeringa står mellom Ap og dei to samarbeidspartia. Både i SV og Sp er det irritasjon over det dei meiner er ein for sterk sosialøkonomisk tankegang i Ap: At kutta må gjerast der effekten blir størst. Det skal bety kjøp av utsleppskvotar i utlandet.

Det er denne kursen, staka ut av Jens Stoltenberg, som har fått Frp og Siv Jensen til å omfamne statsministeren.

Kraftig oppgjer

I går tok Heidi Sørensen, som er SV sin miljøpolitiske talsperson, eit kraftig oppgjer, gjennom Dagens Næringsliv, med ideen om at rike Noreg skal kjøpe seg fri ved å kjøpe kvotar frå fattige land.

Ola Borten Moe som er Sp sin miljøtalsmann seier nå til BT at situasjonen er uavklart.

— Det er ikkje mange som har full oversikt. Saka blir nå behandla på høgt nivå i Regjeringa. Vi vonar det skjer ei avklaring før sommaren, seier Moe.

Både SV og Sp har programfesta at Noreg må ta 2/3 av kutta vi er forplikta til å ta, innanlands. Begge partia er kraftig imot tankegangen som går ut på at midlane må nyttast der effekten er størst: ved kjøp av kvotar i utlandet.

Moe seier seg samd i at dette til forveksling liknar Høgre sitt slagord frå katastrofevalet i 2005: «Mer for pengane».

Tiltakspakka frå Regjeringa er blitt utsett og utsett rett og slett av di partia ikkje kan bli samde. Regjeringspartia vedgår ope at dei slit.

Søkte ryggdekning

Bergens Tidende er nå kjend med at talsmenn for Regjeringa har teke underhandskontakt med opposisjonen for å sondere terrenget.

Eit konkret spørsmål har vore om opposisjonen kan akseptere at det ikkje blir stilt absolutte krav til utsleppsreduksjonar innanfor kvar sektor men at ein i staden kan innføre ein «glideskala» for prosentvise kutt.

— Eg har høyrt om eit slikt innspel men kjenner ikkje det konkrete innhaldet, seier leiaren for energi- og miljøkomiteen, Gunnar Kvassheim (V).

— For Venstre sin del kan eg seie at vi står heilt fast på at vi skal ta 2/3 av dei kutta vi er forplikta til å ta, gjennom tiltak her heime. Dei tiltaka Regjeringa kjem med må både i mål og verkemiddel sørge for at vi innfrir dette. Regjeringspartia kjem seg ikkje ut av den interne striden ved å søkje naudhamn hjå andre, seier Kvassheim.

Lit ikkje på Bjørnøy

Kvassheim påpeikar at Regjeringa både i dokument til Stortinget og i stortingssalen har lova at tiltakspakka skulle kome til Stortinget i mai.

— Eg fekk eit fnysande svar frå miljøvernminister Helen Bjørnøy (SV) då eg stilte spørsmål om dette i april. Bjørnøy seier nå at ho må avvente den endelege ferdigstillinga av ein analyse utarbeidd av SFT. Eg trur ingenting på at det er denne rapporten som er årsak til at tiltakspakka ikkje er blitt levert. Dette er berre eit påskot, seier Kvassheim.

— Eg fekk nett nå melding frå Miljøverndepartementet om at rapporten frå SFT vil bli ferdigstilt i løpet av ei vekes tid. Det kan tyde på at Regjeringa vil leggje fram tiltakspakka neste fredag, seier Kvassheim.