– Skal Ringeriksbanen heile tida vika for alle andre jernbanestrekningar på Austlandet, vert Hallingdal og Vestlandet ført bak lyset, seier prosjektleiar Jan-Halvard Brekko i Forum Nye Bergensbanen.

Onsdag er det stor jernbanekonferanse i Oslo, med lobbyistar for ei rekke jernbanestrekningar på plass. Kanskje er det her ein aller siste sjanse til å koma med i Regjeringa sitt framlegg til Nasjonal Transportplan (NTP). Samferdsleminister Liv Signe Navarsete skal halda foredrag om emnet, men vil venteleg halda mange kort tett inntil brystet, sidan det framleis er eit par veker til NTP vert lagt fram.

Høgt spenningsnivå Jan-Halvard Brekko slår fast at Regjeringa bryt lovnader dersom ikkje inneheld klarsignal for Ringeriksbanen.

Nervane heng nærast utanpå sjefslobbyisten for Bergensbanen. Oppslag i hovudstadspressa om prioritering av dei andre jernbanestrekningane har fått han til å fintolka dokumenthaugen.

– Det står vel svart på kvitt i stortingsvedtaket at Ringeriksbanen ikkje skal fortrengja prioriterte investeringar mellom anna i Østfold og Vestfold?

– Det gjer det. Men hugs at vedtaket vart gjort i 1992, og det må vera investeringane som var prioritert på det tidspunktet som er meint. Dersom Ringeriksbana også skal vika for nye prosjekt som heile tida kjem til, vil banen aldri bli bygt, påpeikar Brekko.

– Dessutan må ein lesa setningane før og etter. Her siktar ein på oppstart i perioden 1994-97, og innarbeiding i Jernbaneplanen for den perioden, legg han til.

Raudgrønt klister – Vi ber ikkje om anna enn at Regjeringa innfrir gamle lovnader, seier prosjektleiaren i FNB.

Han avfeiar innvendingar om at raudgrøn regjering neppe var påtenkt i 1992. Dei sit likevel i klisteret.

– Bondevik-regjeringa la fram ein handlingsplan for Jernbaneverket i 1995, og der overbaud dåverande opposisjon regjeringa i enda ein hestehandel; Ap og SV fekk ekstra milliardar til jernbane og Frp like mykje i påplussing til veg. Og Ringeriksbanen er lova oppstart i slutten av perioden 2006-2015, poengterer Brekko.

– Kan ein slik tidsplan halda?

– Det går akkurat, om klarsignal for planlegging blir gitt i vår. Med kommunedelplanar, reguleringsplanar og grunnavtalar, kan første jafset med gravemaskin gjerast i 2014.

Vitalt Jernbaneverket sin handlingsplan sår tvil om framtidig passasjertrafikk på Bergensbanen dersom Ringeriksbanen vert ytterlegare utsett.

Skulle ein derimot koma i gang no, vil det vera gunstig for folk og næringsliv i by og bygd langs banen, meiner FNB.

– Eg tippar at første høgfartsbanen her i landet blir bygt mellom Oslo og Göteborg. Med Ringeriksbanen på plass, vil hotella på Gol kunne få gjester frå København på vel fire timar, for å ta eit eksempel, seier Brekko.

Mange har reagert sterkt på oppslaga om jernbanesatsing utan at Ringeriksbana er nemnt.

Stor nytteeffekt Buskerud SV seier i ein resolusjon frå fylkesårsmøtet at Ringeriksbanen må prioriterast i NTP og gjennomførast i 2010-19. Dette er jernbaneprosjektet med størst nytteeffekt. Det gir ein ny utviklingsakse for Oslo, vekst på Ringerike, ny giv for Hallingdal, innkorta reisetid til turistmål som Gol og Hallingdal, auka næringsutviklinga og få fleire til å ta toget Bergen – Oslo.

Fylkeslaget ber SV arbeida for ein standard på Ringeriksbana som kan gje to og ein halv time reisetid mellom Bergen og Oslo når heile strekninga er utbetra.

Fjord Norge AS er blant reiseoperatørane som har reagert. Dei viser til at 50.000 reiser årleg på rundturen «Norge i et nøtteskall», og 64 prosent av dei har Oslo som utgangspunkt. Togturen frå Hønefoss til Voss er ei flott naturoppleving, ulikt Oslo-Hønefoss. Tunnelar der gir kortare reisetid og fleire avgangar.

– No må ein koma i gang, elles misser vi kundegrunnlaget, seier Steinar Aase i Fjord Norge AS.