— Det vi har sett demonstrert i denne saka, er at Statsministerens kontor (SMK) hadde bestemt seg for at dei ikkje ville gje innsyn, nær sagt uansett konsekvensane. At dei er villige til å bryte både reglar og sedvane, viser dette klart, seier Gunnar Kvassheim, som sjølv var statssekretær ved SMK i 2001-2005.

Forsømte informasjonsplikt

SMK kontor hadde plikt etter forvaltningslova til å informere om at klage til Kongen i statsråd avskar klagebehandling hjå Sivilombodsmannen. Denne plikta framgår direkte av paragraf 11 i forvaltningslova. Paragrafen pålegg forvaltninga ei generell rettleiingsplikt innanfor saksområdet sitt. Føremålet er at partane skal få høve til å ivareta eigne interesser på best mogeleg måte.

— SMK hadde heilt klart ei plikt til å informere om at klage til Kongen i statsråd hindra ei seinare prøving hjå Sivilombodsmannen. Når ein ikkje gjorde det, var det brot på rettleiingsplikta i forvaltningslova, seier jussprofessor Hans Petter Graver ved Universitetet i Oslo. Han har leia fleire offentlege granskingsutval.

— Det er heilt opplagt at SMK hadde plikt til å gje fullstendig informasjon på dette punktet, seier professor Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen.

— Eg meiner dessutan at slik denne saka utvikla seg, burde SMK av omsyn til sitt eige truverd ha late Sivilombodsmannen vurdere dei juridiske spørsmåla som innsynssaka reiste. Det er meiningslaust at ikkje regjeringa er villig til å leggje denne saka fram fort for Sivilombodsmannen, for å få ombodsmannen si vurdering av alle juridiske sider ved saka, både om dokumentet var «internt» og om det var grunnlag for å nekte heilt eller delvis meirinnsyn, seier Bernt.

- Urovekkjande

— SMK har med dette ikkje berre handla politisk uklokt. Endå verre er det at ein ignorerer både reglar og intensjonen bak lovverket. Det er urovekkjande når SMK gjer dette. Signaleffekten av ein slik handlemåte overfor dei andre departementa og resten av forvaltninga, er svært negativ, seier Gunnar Kvassheim.

SMK vil ikkje kommentere saka, og seier berre at ein meiner å ha følgd god forvaltningsskikk.

Bjørnflaten, Thomas