Næringsminister Ansgar Gabrielsen viste ingen teikn til anger eller vilje til å kome stortingsfleirtalet i møte trass i beinhard kritikk frå ein samla opposisjon. Han avviste eitkvart grunnlag for kritikk og meiner heile saka er «konstruert» av opposisjonen. Sjølv har han alt sitt på det tørre.

Vondt verre

Men etter å ha blitt pressa på haldninga si, ikkje minst av komiteleiar Ågot Valle (SV), sa Gabrielsen et han tek kritikken til etterretning og at det i saka kan vere snakk om ulikt skjøn på val av tidspunkt for sal. Valle oppfordra Gabrielsen til å jekke seg ned nokre hakk.

Høgre-representanten Martin Engeset sette tonen ved å hevde at det ikkje var noko grunnlag for kritikk og at «dette endar opp som eit gedigent mageplask for opposisjonen. Opp som ei løve og ned som ein skinnfell».

Opposisjonen hevda at Engeset med innlegget sitt gjorde vondt verre for Gabrielsen.

«Dårleg samvit»

Etter stortingsdebatten sa Gabrielsen til Bergens Tidende at det siste innlegget i debatten frå saksordføraren, Kjell Engebretsen (A), «vitnar om at saksordføraren har dårleg samvit for heile saka». Og han karakteriserer saka som «lengdehopp utan tillaup men med hopp». Engebretsen fnyser av dette. Til Bergens Tidende seier han:

— Det vanlege er at ein statsråd har ei viss audmjuk haldning overfor stortingsfleirtalet. Statsråden trudde kanskje at han hadde det. Men personlegdomen og stilen hans gjer at dette ser heilt annleis ut.

«Til etterretning»

Statsminister Kjell Magne Bondevik handterer kritikken på ein annan måte enn Gabrielsen:

— Vi tek kritikken frå Stortinget til etterretning men er ikkje einige. Ein statsråd må kunne leve med denne typen kritikk, seier Bondevik til Bergens Tidende.

Bergens Tidende er kjent med at statsråd Gabrielsen meiner at heile saka som endar med «nesten mistillit» er «initiert» av dei som tapte kampen om å få overta SND Invest.

fakta/ SND Invest

I fjor haust selde Næringsdepartementet det statlege investeringsselskapet SND Invest for 547 millionar kroner. Departementet neglisjerte råd frå styret og administrasjon i selskapet.

I ettertid kom det fram at salet vart gjennomførd med rabatt på om lag 50 prosent i høve til dei verdiane styret og administrasjonen meiner låg i selskapet.

Stortinget ved Kontrollkomiteen iverksette i vår gransking av saka. Komiteen gjennomførde for 14 dagar sidan ei open kontrollhøyring om saka. Det som kom fram der verka ikkje til å mildne kritikken mot statsråd Ansgar Gabrielsen. Oppfatninga er at om lag 500 millionar kroner vart skusla vekk.