Vidar Ystad Oslo: Førre fredag kunne Bergens Tidende fortelje at stortingspresidenten reagerte kvast mot at statsråd Gabrielsen hadde freista å bagatellisere daddelvedtaket som Stortinget fatta mot han i saka om sal av SND Invest.

Kosmo tok affære

Stortingspresidenten opplyste til Bergens Tidende at han ville ta saka opp med statsministeren.

Og Kosmo heldt ord. Då statsminister Bondevik kom til Stortinget sist fredag, etter statsråd på slottet, tok Kosmo kontakt med Bondevik.

— Eg ville forsikre meg om at regjeringa og regjeringsmedlemen forstår Stortinget sitt vedtak og tek det på alvor, seier Kosmo til Bergens Tidende.

Kosmo opplyser at Bondevik forsikra om at regjeringa sjølvsagt tek Stortinget sine vedtak på alvor.

— Eg bad også Bondevik orientere statsråden om kva eit daddelvedtak inneber. Han forsikra meg om at han ville gjere det, seier Kosmo.

Bondevik stadfestar

Bakgrunnen for det siste var at statsråd Gabrielsen i ein radiodebatt med stortingsrepresentant Kjell Engebretsen i førre veke, gav uttrykk for at han aldri hadde høyrt om daddelvedtak og ikkje visste kva det inneber.

Statsminister Bondevik opplyser nå til Bergens Tidende at han har teke saka opp med Gabrielsen.

— Vi har også snakka om dette i regjeringa, seier Bondevik. Han legg til at han sjølv godt veit kva eit daddelvedtak inneheld og betyr, og legg til at han sjølv har vore med å formulere daddelvedtak mot ein statsråd tidlegare.

Bondevik forsikrar nå at alle statsrådane er inneforstått med kva eit daddelvedtak inneber.

Nordli: - Svært alvorleg

Tidlegare statsminister og stortingspresident Odvar Nordli seier til Bergens Tidende at han aldri har høyrt om eit slikt initiativ frå stortingspresidenten overfor statsministeren.

— Nå er det 20 år sidan eg forlet Stortinget, men korkje i mi tid i politikken eller seinare har eg høyrt om noko slikt. Eg ville sett på ein slik kontakt frå stortingspresidenten som svært alvorleg, seier Nordli.

— For meg er dette så uvanleg at eg har vanskeleg å plassere det. Det å måtte understreke overfor statsministeren at Stortinget meiner alvor med vedtaka sine er høgst oppsiktsvekkjande. Alle veit jo kva som ligg i eit daddelvedtak, seier Nordli.

— Men statsråd Gabrielsen hevda at han aldri hadde høyrt om slike vedtak.?

— Det er uforståeleg. Då var det jammen på tide. Eg les dette som eit siste steg før mistillit, seier Nordli.

FEKK KLAR MELDING: Statsråd Ansgar Gabrielsen (biletet) har mottatt korreks frå stortingspresidenten. Korreksen vart formidla av statsminister Kjell Magne Bondevik.<br/>ARKIVFOTO: HÅVARD BJELLAND