Det er spesielt verknaden av utslepp av næringssalt frå oppdrettsanlegg Fylkesmannen vil kartleggje.

– Vi er ute etter å stadfeste eller avkrefte at det er noko på gang som skuldast oppdrettsnæringa, seier seniorrådgjevar Håkon Kryvi i miljøvernavdelinga hos fylkesmannen.

Både når det gjeld verknaden av lakselus og rømming frå oppdrettsanlegg meiner miljøvernavdelinga at oppdrettsproduksjonen i Hardangerfjorden har passert tolegrensa.

– I den samanhengen meiner vi det er for mykje oppdrett, seier Kryvi.

Spørsmålet no er om oppdrettsnæringa også er blitt så stor at utsleppa av næringssalt endrar sjøvegetasjonen.

Usamde forskarar Forskarar står mot forskarar i synet på verknaden oppdrettsnæringa har på Hardangerfjorden.

  • Norsk institutt for vannforskning (NIVA) skriv i ein fersk rapport at overgjødsling er ein sannsynleg årsak til at fjøra gror til av trådalgar, eventuelt saman med høgare sjøtemperaturar. Oppdrettsnæringa er hovudkjelda til utsleppsauken av næringssalt.
  • Havforskingsinstituttet (HI) avviser at fjorden er overgjødsla og meiner endringane skuldast varmare vatn. Instituttet sitt syn er at fjorden er så stor og vassutskiftinga så god at utsleppa vert fortynna og får minimal effekt. I tillegg er utsleppa frå oppdrettsnæringa relativt små i høve til tilførselen av næringssalt som kjem med kyststraumen langvegs frå.Usikker på modellane Spørsmålet miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen vil har svar på er om Havforskingsinstituttet sine modellar også fangar opp lokale verknader av utslepp frå oppdrettsanlegg.

At sjøvegetasjonen har endra seg er det ikkje strid om, spørsmålet er kva det skuldast.

Kryvi ser for seg ein omfattande og langvarig måling og registrering av næringssalt og vegetasjonen.

– Vi ser for oss at dette vil ta litt tid. I mellomtida håpar vi for all del at oppdrettsproduksjonen ikkje aukar, seier Kryvi.

Auka forsking Vegetasjonen i strandsona er blitt eit heitt tema for forskarane.

Universitet i Bergen, Norsk Institutt for Vannforsking, Havforskingsinstituttet og Universitetet i Oslo har nettopp starta på eit fire år langt prosjekt for å finne verknadene av næringssaltutslepp og temperaturendring på sukkertare.

Samstundes skal Havforskningsinstituttet og Universitet i Bergen undersøkje utvikling i algevegetasjonen i Hardangerfjorden. Målet er å prøve å avgjer kva som er den viktigaste årsaka til endringar i vegetasjonen.

I tillegg får Havforskingsinstituttet ansvaret for ei meir omfattande kartlegging av økologien i Hardangerfjorden.

Kryvi vonar denne innsatsen også kan gi miljøvernavdelinga svar.

– Vi ønskjer eit samarbeid. Vi ser for oss eit møte der vi samordnar innsatsen slik at vi får størst mogleg utteljing, seier han.

Les rapportene (pdf-format):

STØTTAR GRANSKING: Seniorrådgjevar Håkon Kryvi i miljøvernavdelinga hos fylkesmannen i Hordaland ser for seg ein omfattande og langvarig måling og registrering av næringssalt og vegetasjon mellom anna i Hardangerfjorden.
Tor Høvik