Faren for at private vil gjere store innhogg i elevmassen til billege og populære linjer, gjer at Utdanningsdepartementet no lovar å sjå på løyvingane fylkeskommunane får til drifta av vidaregåande skular. Fylkeskommunane får trekk i tilskotet etter kor mange elevar som tek utdanning i private skular.

— Dersom det viser seg at fylkeskommunane kjem skeivt ut, vil vi vurdere å redusere trekket, seier statssekretær Helge Ole Bergesen i Utdanningsdepartementet til Bergens Tidende.

Reknestykket for elevkostnad er komplisert. Ein indikator er tilskotet staten betaler til dei private skulane. Innanfor allmenne, økonomiske og administrative fag er tilskotet rekna ut frå ein sats på 78.861 kroner. I andre enden av skalaen ligg tilskotssatsen til studieretningar innanfor naturbruk, 142.403 kroner.