• Det er på tide at fakta kjem inn i debatten om rovdyrplaga. Fimskaparen Magne Sleire vil provosera. Tirsdag gjer han det - på NRK.

Magne Sleire har laga ein film som stiller svært mange kritiske spørsmål til dei store erstatningsutbetalingane som norske bønder får når dei tapar sau og andre dyr på beite:

— Eg er sterkt kritisk til at rovdyrplagen er så stor som bøndene vil ha det til. 128 millionar kroner blir betalt ut, men vi veit ikkje kor mange av desse dyra døyr av naturlege årsaker som ikkje skuldast rovdyr, seier Sleire og legg til at forgifting, flott, makk og drukning er vanlege dødsårsakar.

— Vi veit lite om kor mange dyr som vert drepen av laushundar. Vi har heller ikkje kartlagt kor mykje reven tek, for å nemna fleire årsaksfaktorar som sjeldan er med i debatten.

— Men er ikkje ulv, bjørn, jerv og ørn ei stor plage for mange bønder?

— No veit vi at det blir gjeve erstatning når desse rovdyra går laus på småfeet. Men korleis kan det då ha seg at i område der det knapt finst slike dyr, vert det utbetalt store erstatningssummar? Kvifor får 60 jervar og 40 kongeørn i Finnmark ansvaret for at 50.000 reinsdyr døyr? Vi må få balanse inn i debatten og ikkje tru at vi kan betala oss vekk frå problemet.

Magne Sleire har fagleg bakgrunn som viltkonsulent, dvs. at han har hatt arbeidet med å fastslå om det verkeleg er rovdyr som har herja i saueflokkar.

Tirsdag kveld vil Sleire skapa debatt om ei rovdyrplage som han meiner er sterkt overdrive: – Næringa sjølv tener mest på å skjerpa krisa og få fram blodige bilete på skjermen. Vi veit at det er ein forsvinnande liten del av dyra som går tapt, som er offer for rovdyra.