Operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt Trond Olav Friberg opplyser at ein ennå ikkje har fått kontakt med dei to personane som er sakna etter brannen i Sauda i natt, skriv Aftenbladet.

Brannen er no sløkt og politiet set alle krefter inn for å finna status til dei to sakna som skal vera to menn, ein i 40-åra og ein i 50-åra, ifølge politiet.

I 10-tida melder politiet at den ene av dei to sakna er gjort rede for. Han var ikkje i huset da brannen starta.

Ein saudamann i 50-åra er fortsatt sakna.

Klokken 13.30 bekrefter politiet overfor Haugesunds Avis at ein person er funne død i brannruinane.

Politiet er no i ferd med å ta seg inn i det brannskadde huset i Sauda. Etterforskning, vitneavhør vil bli gjennomført utover dagen.

Huset som ligg i Sauda sentrum er totalskadd. Det var tre husvære i bygget, to budde det folk i. Politiet fekk melding om brannen like før klokka ett i natt. Ein kjenner førebels ikkje brannårsaka.