TERJE ULVEDAL PER MARIFJÆREN

Gårsdagen markerte slutten på at reisande kan gå om bord i Widerøe-flya på Bringeland utan sikkerheitssjekk. Og at du kan komme dinglande eit par minutt før avgang, og spasere rett om bord i flyet.

— Heilt greitt, meiner passasjerar som måtte ut med armar og bein for å la seg metalldetektorsjekke, og få jakker og handbagasje gjennomgått før avgang til Oslo i går føremiddag.

Vil ikkje betale

Men det dei derimot ikkje syns er like greitt, er at skjerpa sikkerheitsrutinar vil gje dyrare billettprisar.

— Nei, eg syns ikkje noko om at det er vi flypassasjerane som skal betale for dette, seier Bjørn Jensen.

I går morgon stod Securitas-vekterane Anita Halvorsen og Carlos Galvez klar med kvar sine handdetektorarar for å «kroppsvisitere» reisande frå Førde. Og ikkje berre reisande, både Widerøe-pilotane og flyvertinner/-vertar måtte gjennom kontroll. For første gang var det tryggingskontroll av passasjerar på Førde Lufthamn.

— Vi hadde folka og utstyret på plass, difor valde vi å starte alt frå i går, seier Siv Merete Stadheim, sjef for flyplassane i Florø og Førde.

Skulle skjedd for lengst

Bjørn Jensen hadde vore i Sunnfjord og besøkt slekt, og skulle i går heim att til Lofoten. Tre kontrollar blei det dermed før han var heime, først Førde, så Gardermoen og til slutt Bodø.

— Men det syns eg er heilt i orden. For meg er det i alle fall ikkje noko problem. Faktum er vel at det burde vore innført for lengst, ikkje minst med tanke på alt som har skjedd dei siste åra, seier Jensen.

Også niesa, Heidi Haukeland frå Sande i Gaular, som følgde onkelen til flyplassen, er positiv:

— Eg forstår det veldig godt på bakgrunn av det som skjedde i Nordland. Men det som blir litt rart her på Bringeland, er at vi må klarerast berre for å gå inn i kaféen, påpeikar ho.

I Sogndal og på Sandane skal dei vere klare frå og med i dag. Ved flyplassen i Florø og på Stord er 100 prosent kontroll av passasjerar og bagasje alt innført.

Monterer nytt utstyr

På Førde Lufthamn har det vore ombygginga av terminalbygget siste månadene, for å klargjere for tryggingstiltaka som skal innførast på dei regionale flyplassane frå 1. januar. Onsdag startar monteringa av utstyr for å kontrollere bagasje.

— Personellet skal gjennom ein god del opplæring, så det er uvisst om vi kan ta dette utstyret i bruk før årsskiftet. Det er noko vi må vurdere etter kvart. Inntil vidare kjem vi til å gjere som i dag, manuell sjekking av reisande og handbagasje med handdetektor. Bagasje som blir sjekka inn, vil inntil vidare gå gjennom utan å bli kontrollert, seier lufthamnsjef Siv Merete Stadheim.

Stengt før avgang

Men er du ute i siste liten, risikerer du i framtida å sjå flyet lette utan deg. Frå før har regelen vore at reisande bør vere på flyplassen minimum ein halv time før avgang. Dette blir ikkje endra, i alle fall ikkje førebels.

— Det nye er at vi no kjem til å stenge for innsjekking eit kvarter før avgang. Dette vil vi overhalde strengt. I praksis blir det ikkje råd å komme inn i avgangshallane på kortbaneflyplassane siste kvarteret før avgang, understrekar Stadheim.

— Mange har peika på at frammøte- og ventetid vil bli lenger, også på kortbanenettet?

— Vi trur vi skal greie å gjennomføre ein forsvarleg kontroll innanfor dei tidsrammene vi har lagt.