Torskestammen i Nordsjøen er så nedfiska at den er langt utanfor det havforskarane kallar sikre biologiske grenser. Det kjem fram i ei pressemelding frå Havforskningsinstituttet om kvoteråd for fisket neste år.

Torsken har vore overfiska i 20 år, men noe er det verre enn nokon gong, i fylgje Odd Smedstad ved Havforskningsinstituttet.

I år er torskekvoten i Nordsjøen 27.300 tonn. Det er berre litt over ein tiandepart av det som kunne fiskast dersom torskestammen vart godt forvalta.

Norske fiskarar får ta 17 prosent av denne kvoten, og tautrekkinga mellom Noreg og fleire EU-landa om reguleringa av fisket er ein av årsak til at det ikkje er semje om er strengare regulering.

No fryktar forskarane at torskestammen blir så liten at den blir uinteressant å fiske på.

— Konsekvensen er at det blir torskefiskarane som blir utrydda, seier Odd Smedstad til bt.no.