Overfor Bergens Tidende legg ikkje direktør Agnar Aas i Norges Vassdrags— og Energiverk (NVE) skjul på at kraftsituasjonen gjev grunn til uro.

— Vi kan ikkje utelukke at det blir rasjonering. Alle aktørar i bransjen skal ha klare planar for tvangsmessig utkopling i tilfelle ei krise. Vi har no bede kraftselskapa ta desse planane fram og gjennomgå dei, og deretter rapportere tlbake til oss, seier NVE-direktøren.

Strategi for utkopling

Også landets kommunar og fylkesmenn er via Direktoratet for sivilt beredskap pålagt full gjennomgang av sine beredskapsplanar for å handtere ei straumkrise.

Sist gang kraft-aktørane hadde slike beredskapsplanar oppe av skuffa var ved årsskiftet 1999-2000, men då av heilt andre grunnar. Den gongen frykta NVE eit teknlologisk samanbrot i overgangen til det nye millenniet. No er det kombinasjonen sprengkulde og tørrlagte vassmagasin som trugar. Ferske tal frå NVE viser at fyllingsgraden på landsbasis ligg under 50 prosent i snitt. Minst er magasinfyllinga i det sørlege Norge.

— Vi blir ikkje mindre uroa over at magasinfyllinga er lægst i dei områda der forbruket er aller størst, seier Agnar Aas til Bergens Tidende.

Brevet som gjekk ut til alle landets fylkesmenn like før jul viser alvoret i situasjonen for kraftforsyninga.

For innan 21. januar skal kommunane, i samråd med fylkesmennene og kraftprodusentane, ha laga prioriterte lister for ein utkoblingsstrategi. Første prioritet er å ivareta liv og helse. Deretter kjem vitale samfunnsinteresser innanfor administrasjon og forvaltning, informasjon, tryggleik, infrastruktur og forsyningar. Sist kjem næringsliv og økonomiske interesser.

Vestlandet mest kritisk

I brevet let ikkje direktoratet det vere særleg tvil om at vi denne vinteren kan komme i ein situasjon med rasjonering:

— Dersom nedbørsmengda ikkje endrar seg dei kommande vekene, eller forbruket går ned, kan vi komme til å oppleve ein situasjon med knappheit på straum i enkelte område, heiter det.

Frå før er det kjent at deler av Vestlandet vil vere spesielt utsett, fordi kapasiteten til å føre straum inn til området er så dårleg. I tillegg har landsdelen mange storforbrukarar i form av kraftkrevjande industri.

Forutan prioriterte lister til bruk ved utkobling, blir kommunane også bedt om å gjennomgå naudstraumsituasjonen. Direktoratet understrekar at kommunane sjølv har ansvaret for eigen naudstraum. Kommunane må no skaffe fram eit fullstendig oversyn over stasjonære og mobile aggregat.

— Vi har sett ein viss reduksjon i forbruket den aller siste tida. Men vi kan på ingen måte seie at faren er over slik at vi kan slappe av, seier NVE-direktør Agnar Aas.

Betre rusta

Direktoratet for sivilt beredskap meiner at kommunane blir nøkkelen i beredskapen som angår folk flest.

— Vi vil ha ein oppdatert gjennomgang av deira planar. Dette kan bli avgjerande i ein eventuell krisesituasjon, seier avdelingsdirektør Arthur Gjengstø i Direktoratet for sivilt beredskap. Han meiner kommunane er betre rusta til å takle ei eventuell krise no enn berre for eit par år sidan. Mykje av grunnen er å finne i beredskapsarbeidet som blei gjort framfor årtusenskiftet.

— På det som gjeld straum føler eg vi har komme langt. Unntaket er naudstraumberedskapen som kunne vore langt betre.

Derimot stiller direktoratet fleire spørsmål kring korvidt kommunane vil klare å informere innbyggjarane godt nok om straumkrisa kjem.

— Meir enn kvar tredje innbyggjar vil kontakte kommuneadministrasjonen i ein krisesituasjon. Å handtere slik pågang blir ein tung jobb, påpeikar avdelingsdirektøren.

Direktoratet oppmodar også fylkesmennene om å kalle saman beredskapsråda i kvart fylke. Råda skal analysere dei samfunnsmessige konsekvensane dersom det blir mangel på elektrisk kraft.

TOMT: Vannmagasinene i fjellet har rekordlavt nivå. Her et bilde fra Matrefjellene, i august i fjor.FOTO: STEINER DØSVIK