VIDAR YSTAD

vidar.ystad@bt.no

Oslo

Det blir likevel ikkje opne butikkar 2. pinsedag. I går gjorde kultur— og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland kuvending og trekte tilbake vedtaket som gav løyve til å halde ope.

Under trugsmål om å li nederlag og bli stoppa av retten samt ein brevaksjon, valde statsråden å snu.

— På grunn av den sterke motstanden snur vi i denne saka. Dette er inga kampsak for meg, seier statsråd Svarstad Haugland.

Dermed kan Handel og Kontor og LO innkassere ein klar siger etter at representantskapen i LO 12. april fatta vedtak om å aksjonere mot statsråden.

Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH), som fremja dispensasjonssøknaden i februar, er sterkt misnøgd.

— Vi kan ikkje anna enn å vere oppgjevne over ein statsråd som snur kappa etter vinden og omgjer sitt eige vedtak som berre er ein månad gammalt, seier HSH-direktør Thomas Angell.

Statsråden og departementet er blitt dynga ned med e-post, men slepp å motta fleire tusen postkort som nå er trykt opp og var i ferd med å bli distribuert.