Dei nye, skyhøge satsane for trafikkbøter skil ikkje mellom skipsreiarar og minstepensjonistar. Køyrer du på raudt lys, må du betale 3000 kroner — uansett.

Sorenskrivaren i Bergen, Martin Tenold, fryktar at dette kan få uheldige utslag. Han viser til paragraf 27 i straffelova, der det blir slått fast at det skal takast særleg omsyn til inntekt og formue, når det blir skrive ut bøter.

— Er satsane for høge, blir det ubalanse i systemet. Folk med dårleg økonomi kan ha ei sak for domstolane, hvis dei meiner at førelegget er for høgt, seier Tenold til BT.

— Ser du for deg ein straum av slike saker i framtida?

— Det er vanskeleg å spå, men eg trur at ein del kjem til å prøve. Det kan bli eit problem, fordi domstolane ikkje har kapasitet til å behandle denne typen saker i stort omfang.

Tenold vil ikkje uttale seg om korvidt dei nye satsane er for høge, men seier:

— Reaksjonen må ikkje ramme uforholdsmessig hardt, men ta omsyn til om du er direktør eller student. Straffa må opplevast som nokonlunde rettferdig. Det er uheldig, dersom dei nye satsane ligg på eit slikt nivå at folk tar dei inn til domstolane, seier sorenskrivaren til BT.

Tenold synest elles at det er illevarslande om folk trur dei kan velje fengsel istadenfor trafikkbøter.

— Det må bety at folk synest bøter er verre enn fengsel. Men fengsel er den strengaste straffereaksjonen vi har. som urimeleg høge. Hvis folk trur at dei kan velje fengsel istadenfor bøter, betyr det at dei oppfattar bøtene som urimeleg høge.

Tingrettsdommar Tor Langbach utelukkar heller ikkje at fleire kjem til å nekte å betale fartsbøter etter at bøtesatsene vart skrudd opp 1. februar, og at sakene hamnar i retten.

— Det er ein viss fare for det, seier Langbach til BT.

Han tek til orde for å prøve dei nye trafikkbøtene for domstolane. Årsaka er nettopp at standardsatsane til Justisdepartementet ikkje tek omsyn til bilførarens økonomiske situasjon.