— Det er ingen tvil om at dei nye dataregistera som inneheld sensitive personopplysningar, har ein kommersiell verdi for utru tenarar. Dei aller fleste som har tilgang til slike dataregister, er ærlege, men det er nok med eitt ròte egg for å påføre andre stor skade, seier avdelingsdirektør Leif T. Aanensen i Datatilsynet.

Ingen eigenkontroll

Datatilsynet sine inspeksjonar har avdekt at dei færraste institusjonane som har persondatabasar, har system som kan avsløre kven som har gått inn og sett på eller henta ut data. Det er ingen kontroll med kven som har tilgang til kva.

Breidda i datainnsamlinga, djupna i innhentinga og samlinga, og oppbygginga over tid, gjer at kartlegginga av einskildpersonar blir meir og meir omfattande.

Aanensen viser til undersøkingane som vart gjort etter avsløringane om Se og Hør sin metodar. Dei betalte tilsette i bank og kredittkortselskap for transaksjonsopplysningar om kundar.

— Interngranskinga som vart gjennomførd i Nordea bank viste at dette hadde eit langt større omfang enn det ein hadde tenkt seg. Likevel greidde ein ikkje å klarleggje fullt ut kva som hadde gått føre seg, og kven som hadde gjennomførd datatappinga og vidareformidlinga.

- Fint for kriminelle

— Det er naivt å tru at dette ikkje skjer, og at ikkje også kriminelle vil ha stor interesse av å utnytte denne marknaden, meiner Aanensen.

Aanensen seier at kriminelle i det stille kan skaffe seg stadig meir informasjon om einskildpersonar utan at «offeret» anar uråd, for så å slå til, sikre seg personkode til bankkort, og gjere «kuppet».

Han nemner som døme ei sak med ein slik framgangsmåte, der gjerningsmannen greidde å skaffe seg ein Mercedes til fleire hundre tusen kroner.

— Det er ei livsløgn å halde fast på oppfatninga at når eg ikkje gjer noko gale, har eg ingenting å skjule, ingenting å vere redd for. Det er ikkje berre det ulovlege og illegale som blir registrert og kartlagt, Også alle tenkjelege lovlege handlingar kan bli registrerte, kartlagde og i neste omgang utnytta, seier Aanensen.

Kan avsløre tipsarar

Aanensen trekkjer også fram den sterke uroa Datatilsynet har overfor planane om å innføre det såkalla datalagringsdirektivet, som er utarbeidd i EU. Det vil krevje at all tele- og datakommunikasjon vil bli lagra, slik at det blir råd å sjå og kontrollere kven som har hatt kontakt med kven.

-Det vil kunne føre til at kjeldene og tipsarane som gjev politiet opplysningar, vil kunne bli avslørte. Det same gjeld for pressa sine kjelder. Det er så mykje som 300-400 ulike aktørar innanfor dette området som handterer datakommunikasjon. Det omfattar fasttelefon, mobiltelefon, e-post og tekstmeldingar via telefon. Det er nok at ein person på innsida bryt tilliten, så er skaden gjort, og den kan vere uoppretteleg, seier Aanensen.

KOMMERSIELL VERDI: Juridisk seniorrådgjevar Guro Slettemark under Datatilsynets presentasjon av Personvernrapporten i går. Datatilsynet er ikkje i tvil om at dei nye dataregistera som inneheld sensitive personopplysningar, har ein kommersiell verdi for utru tenarar.
Falch, Knut