Fungerande fylkesordførar i Rogaland, Eirin Sund har sendt protestbrev til Helse Vest-styret som har møte i dag.

Ho meiner klokka blir skrudd 27 år tilbake i tid for Rogaland, til tida før Stavanger fekk sin første nevrokirurg.

Sund skriv at nevrokirurgane ved Stavanger universitetssjukehus har høg kompetanse innan kraniotomi, operasjonstypen som er tenkt samla i Bergen.

Fylkesordføraren fryktar svekka status for universitetssjukehuset i Stavanger, og peikar på pasientrisikoen som helikoptertransport inneber.