Natt til i går vart Noreg, Island, Russland, Færøyane og EU samde om ein avtale om fordelinga av norsk vårgytande sild. Ein dårleg avtale, meiner ei samstemt fiskerinæring.

Stemninga under årsmøtemiddagen i Fiskebåtredernes Forbund onsdag kveld sokk mange hakk då signala om kva veg forhandlingane bar byrja å sive ut.

— Dette er negativt for pelagisk næring, og særleg er dette negativ for dei som skal selje fisken vår på den internasjonale marknaden, seier styreleiar Inge Halstensen i Fiskebåtredernes Forbund.

Halstensen siktar til industrien som har drive med dårleg lønsemd i mange år og har lite å gå på dersom prisane fell. Det betyr at bedrifter som Bergen Fiskeindustri og Domstein Pelagic kan bli råka.

Underbyr nordmennene

Avtalen sikrar norske fiskarar 61 prosent av eit fiske verdt kring fire milliardar kroner.

For lite, meiner dei.

Men det fiskerinæringa er spesielt opprørt og redd for er konsekvensen av at islendingane med denne avtalen får lov å fiske sild i norsk økonomisk sone. Det aleine vil gi næringa eit tap på 300 millionar kroner, meiner fiskebåtreiarane og fiskeindustrien.

Kvaliteten på silda er best nettopp på den tida av året den held seg i norske farvatn. Då er silda perfekt som menneskeføde - også kalla konsumsild - og prisen er på topp.

Konsekvensane av å sleppe islendingane inn igjen i norsk sone er at det vert fanga meir konsumsild, og prisane fell. Med sine fabrikkskip vil islendingane kunne produsere meir effektivt og underby nordmennene og pressa prisane ned.

Raserte marknaden

Polakkane er storkjøparar av sild, og islendingane overtok store delar av denne marknaden sist dei fekk sleppe til i norsk sone. Frå 60.000 tonn i 2002 raste den norske sildeeksporten til Polen il 19.000 tonn i 2003, i fylgje Fiskeri og Havbruksnæringens Landsforening.

— Dei konkurrerte oss ut på pris, seier dagleg leiar Jon Erik Steenslid i Måløy-bedrifta Emy Fish.

Etter at konflikten om fordelinga av sildefangsten førte til at det ikkje vart semje om ein internasjonal avtale vart islendingane stengd ute frå norsk sone og eksporten til Polen auke igjen til 30.000 tonn.

Forsvarar avtalen

Ut frå prinsippet at silda - som er ein vandrande fiskebestand - skal fordelast etter kor lenge den oppheld seg i dei ulike land sine økonomiske soner, har Noreg kravd 65 prosent av ressursane.

Fiskeriminister Dag Terje Andersen vedgår at ein avtalen sat langt inne. Men omsynet til å få ein internasjonal avtale vog tyngst, mellom anna fordi Noreg har lagt så stor vekt på internasjonalt samarbeid for å stogge det omfattande tjuvfisket etter torsk i Barentshavet. Dei åra vi ikkje har hatt ein fempartsavtale har det dessutan vore fiska meir enn forskarane har tilrådd, slik at norsk fiskarar i realiteten ikkje har teke meir enn kring 57 prosent av silda. Når får vi kontroll på fisket og norsk fiskarar får fiske 61 prosent av fangsten.

— Summa summarum har vi ein avtale som kan forsvarast, seier Andersen.

Bjelland, Håvard