Professor i helseadministrasjon ved Universitetet i Oslo, Terje P. Hagen fryktar at ulike finansieringsmetodar kan favorisere behandling av «vanlege» sjukdomar på bekostning av psykiatriske pasientar.

Hagen leier eit utval som skal foreslå ei ny finansieringsordning for sjukehusa, etter at staten tok over eigarskapen. Ein del av jobben er å hindre at psykiatrisk pasientar kjem sist i køen, og framlegga skal ligge på bordet innan året er omme.

Fem regionale helseforetak eig sjukehusa i sin region. Arbeidet frå utvalet blir berre rådgjevande for det regionale helseforetaka. Hagen trur dei regionale helseforetaka vil velje ulike modellar for å berekne kor mykje sjukehusa skal få betalt for arbeidet dei gjer.

Psykisk sjuke kan tape

Korleis helseforetaka vel å berekne betalinga til sjukehusa kan ha avgjerande verknad for helsetilbodet.

Eit klart eksempel på dette, seier Hagen, er betaling for behandling av psykisk sjuke. Dei skal no behandlast under same selskapsparaply som andre sjuke, av dei lokale helseforetaka. For ein pasient på eit somatisk sjukehus — der du hamnar med beinbrot, hjarteinfarkt og brannsår - har legane rundt 550 diagnosegrupper å velje mellom.

To system

I dette systemet, som er importert frå USA, er kostnadene ved kvar diagnose rekna ut på grunnlag av lang erfaring. Difor er det mogleg å innføre reindyrka stykkprisfinansiering for slikt sjukehusarbeid. Sjukehusdirektørane misser ikkje kontrollen over kostnadene med dette systemet, sjølv om talet på pasientar aukar.

Men for psykisk sjuke fins ikkje noko slikt system. Der er verktyet for å berekne kostnadene dårleg utvikla, og ei fast løyving for året den tradisjonelle finansieringsmetoden. Der stig risikoen for å misse kontrollen over kostnadene dess fleire pasientar som kjem inn. Men skal desse to finansieringssystema leve side ved side, fryktar Hagen at det psykiske helsevernet vil tape kampen om ressursane.

Fleire alternativ

Dei fem statlege regionale helseforetaka som overtok sjukehusa frå årsskiftet, får fleire verkemiddel enn dagens kombinasjon av stykkprisfinansiering og faste løyvingar å spele på når det nye finansieringssystemet er på plass fra 2004.

Både operasjonar på anbod, auksjonar på pasientar eller reinhekla stykkprisbetaling kan bli innført.

Frå næringslivet

Ein del av ideen bak sjukehusreforma er å bruke økonomiske verkemiddel frå næringslivet, for å nå dei måla politikarane vil nå med helsevesenet. Pengane skal strøyme til dei oppgåvene politikarane vil ha utført.

Eit anna problem for Hagen og utvalet hans er korleis universitetsklinikkar og andre sjukehus med forskings- og opplæringsoppgåver, skal få betalt.

— Universitetsklinikkar kostar meir, seier Hagen. Forsking og utvikling er lovpålagde oppgåver. Men det Hagen fryktar er at det blir satsa mindre på denne verksemda, dersom dette ikkje vert finansiert på ein måte som dekkjer kostnadene og stimulerer til innsats.