JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.no— Det er alvorleg med dei virussju kdommane som rir det europeiske landbruket, og som har fått regjeringa til å innføra forbod mot kjøtimport frå EU. Men det er trass alt ingenting mot å få havet vårt forgifta for hundrevis av år av radioaktiv gift, seier styreformann Sveinung Sandvik i Vestnorsk Havbrukslag til Bergens Tidende.Sandvik meiner at regjeringa Stoltenberg så langt har vore altfor audmjuk overfor regjeringa i London når det gjeld trugsmålet mot norske farvatn frå atomanlegget i Sellafield. Støtte frå Venstre I går fekk han støtte for sitt syn frå stortingsrepresentantane Lars Sponheim og Leif Helge Kongshaug, båe Venstre. Dei to var inviterte til Sotra av lokale partivener, og det høvet nytta dei m.a. til å sjå nærare på oppdrettsnæringa. I isande vind vart dei frakta ut til eit oppdrettsanlegg i Austefjorden i Sund som høyrer til selskapet Sjøtroll, og som Sveinung Sandvik er medeigar i.Venstre har alt markert seg med å kreva at statsminister Jens Stoltenberg snakkar klartekst til sin britiske kollega, Tony Blair, i denne saka. Går ikkje an - Men i tillegg til dei radioaktive utsleppa frå Sellafield har vi trugsmålet frå transportane av atomavfall langs norskekysten som er varsla frå russisk side. Då dette kom ut for ei tid sidan, høyrde vi frå Utanriksdepartementet at Noreg ikkje kunne føreta seg noko så lenge dei ikkje hadde saka skriftleg. - Slikt går ikkje an. Det er noko som heiter å vera føre var. Sjå berre på land som New Zealand og Australia. Der er det heilt andre og kraftigare reaksjonar når dei får auga på trugsmål av dette slaget, seier Sveinung Sandvik. Eit anna trugsmål Sandvik er redd for, er ballastvatn som skip kan frakta med seg frå fjerne verdsdelar, og som dei tømmer i sjøen kvar som helst. - Algeinvasjonen som no kostar livet til tusenvis at laks på Sørlandet kan vera resultatet av eit slikt utslepp, seier Sandvik.- Det er eit slit, seier Sandvik, å få styresmaktene med på å ta miljøtrugsmåla mot næringa vår alvorleg. Samstundes er vi sjølve pålagde svært strenge reglar for korleis vi skal driva for ikkje å ureina miljøet. Eg er heilt sikker på at dersom landbruket hadde vore underlagt like strenge reglar for si drift, så hadde vi ikkje hatt problem, korkje med kugalskap eller munn- og klauvsjuke, seier Sveinung Sandvik.