— Det har lite for seg å kjempa for betre eldreomsorg og gode skular dersom handelspolitikken riv vekk heile grunnlaget og legg delar av landet audt, seier fylkespolitikaren frå Granvin.

Det er i denne veka i Mexico at mykje av lagnaden for norsk jordbruk og busetnad vert avgjort. Alt ligg til rette for at EU og USA får fleirtal for sterk reduksjon i tollsatsane under WTO-drøftingane i Cancún 10.-14 september. Dermed vil importen av landbruksvarer auka tilsvarande. Sameleis vil støttetiltaka til jordbruket bli redusert.

Livsgrunnlaget borte

Lussand, den tidlegare fylkesordføraren, er skræmt og ottefull, for han ser for seg eit opplegg for avfolking ettersom livsgrunnlaget i bygde-Noreg får dårlegare kår. Ikkje minst vestlandsbygdene vil koma under sterkare press. Det er rekna ut at ein norsk bonde i gjennomsnitt vil få ein inntektsreduksjon på 100.000 kroner i året som følgje av WTO-vedtaka.

Ingen å ha omsorg for?

Magnar Lussand vil ikkje slå seg til ro med at det no «berre» er eit lokalval vi har framfor oss, for også i ein lokal valkamp bør ein ha perspektivet og tankane lenger fram enn berre dei komande fire åra, og han seier det slik:

— Kva gagn er det i å planleggja eldreomsorg i ei bygd dersom det ikkje lenger er nokon der å ha omsorg for? spør han.

Lussand meiner at vi bør seia nei til WTO-politikken, og at vi bør alliera oss med land som er i same situasjon som vi sjølv er i, slik at vi kan halda fram med å produsera mat. Dette er og snakk om beredskap.

— Er WTO eit større trugsmål for norske bønder enn EU-medlemskap?

— Det kan det vera mykje i, utan at eg på nokon måte er i ferd med å bli EU-tilhengjar. WTO-politikken viser til fulle at dei store internasjonale matvareprodusentane vinn fram med kravet om full handelsfridom, seier Lussand.

fakta/WTO

  • Verdas handelsorganisasjon (WTO) har som føremål å arbeida for mest mogleg fri verdshandel. Det betyr å fjerna tollhindringar, preferansar og andre stengsel i handelen landa imellom. WTO har over 140 medlemsland.
  • Dei avsluttande hoveddrøftingane i Cancún i Mexico har som siktemål å nå fram til ein protokoll som betyr nye steg i liberaliseringa av handelen med t.d. jordbruksvarer.
FRYKTAR FRAMTIDA: Magnar Lussand (Sp) er redd for at mykje av lokalpolitikarane sitt strev er fånyttes når handelspolitikken i WTO råkar norske bygder.<p/>FOTO. GIDSKE STARK