— Min umiddelbare reaksjon var at no vil SV slå ned moglegheitene for De Grønne, seier førstekandidat til partiet i Hordaland, Sondre Båtstrand.

Bakgrunnen er at partisekretær i SV, Bård-Vegar Solhjell fredag sa til Dagsavisen at «store parti bør kunne motta meir enn små, og at siste valresultat bør legges til grunn».

Båtstrand reagerer fordi saka i Dagsavisen handlar om private pengegåver til partia, og at alt i saka tyder på at det er slike gåver Solhjell vil ta frå dei små partia.

— Det er feil, seier Solhjell til BT. Han hevdar han her talar om den offentlege partistøtta, og systemet slik det er i dag.

— Det er gledeleg viss var berre var ein feil. Men SV har ikkje gått ut i Dagsavisa og bedt om å få det retta opp, så personleg er eg ikkje heilt overtydd, seier Båtstrand. Han meiner SV har eit motiv for å legge hindringar i vegen for konkurrentar om miljøstemmene.

— Eg sette saka med ein gong i samanheng med at SV gjev opp motstand mot gasskraft og vinglar i ulvepolitikken. Burhøns har dei nekta å ta opp, og motstand mot pelsdyroppdrett tok dei ut av programmet på årets landsmøte, seier Båtstrand, som ser alt dette som førebuingar til regjeringssamarbeid med Ap og Senterpartiet.