Det var professor Terje Tvedt ved Universitetet i Bergen som for alvor først fremja kritikk mot tilsettinga. Det gjorde han i ein tale tysdag då han takka for å ha blitt tildelt Fritt Ord sin ytringsfridomspris for 2007.

— Eg veit at ikkje alle likar det eg sa. Eg har fått mange reaksjonar, men dei har alle vore positive, seier Tvedt.

Leiaren for Fritt Ord, professor Francis Sejersted, er samd i kritikken.

— Det er problematisk og uheldig når ein går inn i den eine rolla og ut av den andre. Særleg gjeld dette på eit område som forsking på bistand og utanrikspolitikk.

— Eg syns denne tilsettinga er problematisk. Ein forskinginstitusjon bør ha ei fri og ubunden stilling. Nå vil NUPI bli leia av ein mann som sjølv har sterke interesser ved at det arbeidet han har dreve gjennom mange år, er ein del av sjølve forskingstemaet. Då vil det vere vanskeleg å oppretthalde eit fritt og aggressvit blikk i forskinga.

Dette seier professor Øyvind Østerud ved Universitet i Oslo. Han har sjølv nyleg gått av som styreleiar for PRIO, Institutt for fredsforsking.

- Sterkare bindingar

— Det er nærliggande å tenke seg at med Egeland som sjef vil det bli endå lettare for NUPI å få forskingsmidlar frå UD. Det vil igjen skape sterkare økonomiske bindingar og sjølvsagt også personlege bindingar.

— Når direktøren er ein del av det temaet det skal forskast på, vil det skape bindingar både formelt og uformelt. Forsking og politikk fylgjer ulike liner. Dersom forskinga blir ein del av utanrikspolitikken, slik det her kan vere fare for, er det ikkje lenger fri forsking.

Professor Lars Svåsand ved Universitetet i Bergen er varamedlem til styret i NUPI. Han har ikkje vore med på tilsettinga av Egeland og seier at han berre kjenner saka gjennom presseomtale.

— Prisipielt meiner eg at det er uheldig at ein samstundes har ei rolle som leiar av ein forskingsinstitusjon når forskinga i stor grad vil handle om den jobben ein sjølv har utførd.

Ser ingen problem

Styreleiaren for NUPI, Kjetil M. Stuland, har derimot inga forståing for kritikken.

— Egeland vart tilsett som den beste kandidaten etter ei open internasjonal utlysing av stillinga. Eg ser ingen problem ved denne tilsettinga, korkje bakgrunnen hans eller det at han skal halde fram å arbeide i ei nyoppretta stilling som rådgjevar for generalsekretæren i FN, seier Stuland.

Han opplyser at Egeland er tilsett i ei 100 prosent stilling i NUPI. Han veit likevel ikkje kor mykje tid han vil bruke på jobben for FN.

Han seier at tilsettinga er gjort av eit samstemmig styre etter inngåande drøftingar med Egeland.

MØTER SEG SJØLV I DØRA: Jan Egeland er nyleg tilsett som direktør ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt. Fleire sentrale forskarar meiner denne tilsettinga er problematisk avdi arbeidet hans gjennom eit par ti-år er sjølve objektet for forskinga ved NUPI. ARKIVFOTO: LISE ÅSERUD, SCANPIX
Åserud, Lise