— Det trengst ei betre kvalitetssikring for tolkar i asylsaker, seier formannen i Den Norske Advokatforening, Helge Årseth, til Bergens Tidende.

Medlemene hans melder om fleire tilfelle der tolken har lagt inn subjektive vurderingar i omsettingane.

— Vi må altfor ofte ty til tolkar utan fagleg kompetanse, gjerne studentar som tek på seg omsettingsoppgåver, seier Stig O. Sæthre. Han er leiar av FFKF, Fagleg forum for kommunalt flyktningarbeid.

Sæthre understrekar at amatørtolkane gjer så godt dei kan, og dei gjer god nytte for seg i ein problematisk situasjon med tolkemangel.

— Men når det oppstår ein situasjon der det ikkje er full tillit til tolken, hender det nok at asylsøkaren rett og slett ikkje torer å fortelja kvifor han er på flukt. Akkurat det er viktig når søknaden skal vurderast, seier Sæthre.

Han fortel også at asylsøkjarar kvir seg for å oppgje sin eigen identitet, og vil ikkje oppgje namn på slektningar og meiningsfellar.

Fenomenet er mest utbreidd blant asylsøkjarar frå Somalia, der ei rekke klanar slåst mot kvarandre. Det skal litt flaks til å få ein tolk frå sin eigen klan når ein skal forklara seg for norske styresmakter eller andre instansar.

— Hender det at tolken med vilje har omsett feil?

— Tolkane får «alltid» skulda når nokon ikkje oppnår det ein vil. Men medvite feilomsetting har eg ikkje sett dokumentert, seier FFKF-leiaren, som understrekar at medlemene hans ikkje kan kontrollera alt som vert omsett. Ein del kontrollrutinar ligg inne i systemet, særleg når avslag vert anka.

Anders Knudssøn, dagleg leiar i Lopex Mottak AS, som driv asylmottak i Olden, Sogndal, Aurland og på Bulken, seier til Bergens Tidende at det er fire-fem år sidan han opplevde mistillit til enkelte tolkar som eit problem. Den gongen var det iranarar og irakarar som var skeptiske.

— På våre mottak nyttar vi tre kategoriar omsettarar. Språkassistentar hjelper oss i det daglege. Både vi og asylsøkarane treng å forstå kvarandre. Til tolketeneste brukar vi tolkar frå eit byrå, helst Noricom i Bodø. Til dei mest formelle oppgåvene trengst autorisert tolk, med universitetseksamen, forklarer Knudssøn.

Han legg vekt på at også den som stiller spørsmåla må ha eit profesjonelt og tillitsfullt tilhøve til tolken.

Etter at asylintervjua vart flytta frå politiet til UDI sitt ansvarsområde, har dei endra karakter frå avhøyr til forklaring. Ein nøytral og objektiv tolk er framleis like viktig.