Visepresidenten på Stortinget, Carl I. Hagen, (Frp) tok i går til orde for at stortingsgruppene må ha full rett til å lage eit slikt system.

— Fullstendig forkasteleg, seier stortingspresident Thorbjørn Jagland (Ap) til Bergens Tidende. - Vi kan ikkje ha eit system som opnar for at Kjell Inge Røkke eller andre gjennom tilbod til representantar på tinget kan bane veg for millionforskjell i inntekt til stortingsrepresentantar, legg han til.

Stortinget vedtok i går å innføre eit strengare regime for pengebruken i stortingsgruppene. Mellom anna blir det nå innførd felles revisjon av reknskapa med ein ekstern revisor.

Det er ikkje minst avsløringane om Frp sin pengebruk gjennom fleire år som har fått presidentskapen og Stortinget til å skjerpe regelverket.

Hagen hevda under debatten i går at Frp er blitt utsett for «heilt urimeleg kritikk», at partiet har «utøvd godt skjøn» og at partiet ynskjer «klare retningsliner».

Samstundes hevda han at saksbehandlinga av nytt regelverk innheld for sterke inngrep overfor stortingsgruppene sitt handlingrom til å disponere dei midlane dei får overførd.

Han argumenterte for at stortingsgruppene må kunne ha rett til å betale tilleggsløn til representantar som har fått gode jobbtilbod, for å hindre at dei forlet Stortinget.

— Det må sjølvsagt opplysast om og gjerast kjent kven som får og kor mykje dei får, sa Hagen. Han avslår overfor Bergens Tidende å utdjupe kva som ligg i ideen, om det skal omfatte berre innvalde representantar, eller om det også skal vere opning for å lokke personar til å stille til val som stortingskandidatar med lovnad om ekstraløn.

VIL BLA OPP: Får stortings- representantene tilbud om gode jobber i det private, vil Carl I. Hagen ha muligheten til å pusse på stortingslønningene for å holde på dem.
scanpix