Høgre har hatt sju leiarar og 19 nestleiarar sidan 1970 før dagens leiartroika: Erna Solberg, Per-Kristian Foss og Jan Tore Sanner.

Bergens Tidende har vore i kontakt med alle dei fire nålevande tidlegare leiarane og 14 av dei 15 nålevande tidlegare nestleiarane. To av leiarane i perioden har kome og gått og kome tilbake. Det er ein illustrasjon på Høgre sine leiarproblem.

Vi har stilt følgjande spørsmål til alle:

1. Kva er gale med Høgre når oppslutnaden er så låg som den er?

2. Bør Høgre nærme seg Frp?

3. Kva råd har du til partiet?

4. Bør Erna Solberg vere statsministerkandidat ved valet i 2009?

Synspunkta varierer sterkt. Svara er inga vilkårslaus tillitserklæring til Erna Solberg.

Tre har avslege å uttale seg: Kaci Kullmann Five, John G. Bernander og Svein Ludvigsen. Five var nestleiar 1982-88 og leiar 1988-90 og 1992-94. – Vi øydelegge økonomien

Kåre Willoch var leiar 1970-74. Han vil ikkje seie noko om kva som er feil med Høgre. Derimot har han andre klare meldingar:

1. – Det største problemet i norsk politikk i dag er at det har lykkast Frp å framstille seg sjølv som eit borgarleg parti. Her har media eit tungt medansvar. Alle som set seg ned og analyserer kva Frp står for, vil sjå at dette partiet ikkje er noko borgarleg parti. Tanken på å skulle samarbeide med eit slikt parti vil vere det same som å samarbeide om å øydelegge norsk økonomi. Då bør ein heller gå i samarbeid med dei tradisjonelle utgiftspartia.

2. – Det spørst kva ein meiner med å nærme seg Frp. Dersom ein kan medverke til å avsløre dobbelkommunikasjonen som Frp driv, ville det vere bra: Dersom ein skulle gjennomføre ein liten del av Frp sin politikk, vil det høgst sannsynleg føre til auka innvandring. Frp står for ein politikk som vil skape ytterlegare privat forbruk som alt er meir enn sterkt nok. Det vil suge arbeidskraft over i varehandelen og tappe helse— og omsorgssektoren.

3. – Eg deltek gjerne i rådslaging i partiet, men ikkje gjennom pressa.

4. – Eg deltek ikkje i diskusjonar om slike tema.

«Revisorpartiet»

Anne Berit Andersen var nestleiar 19980-2002. Ho svarar slik:

1. – Eg trur kanskje vi har lagt for my-kje vekt på skatt. Vi har stått fram som «revisorpartiet». Det er lagt for lite vekt på kva som er måla i politikken. Vi kan gjerne folkeleggjere synspunkt og mål.

2. – Eg meiner det er rett, det Erna gjer, å invitere til drøftingar. Frp er store nå, og vi må ha kontakt.

3. – Høgre må stå på verdiane sine, få fram eit folkeleg engasjement, og vere tolmodig og ha is i magen.

4. – Det syns eg absolutt, dersom ho er leiar og ønskjer det.

– Ligg unna Frp

Astrid Nøklebye Heiberg var nestleiar 1990-92:

1. – Sanneleg om eg veit. Men eg trur det har skjedd noko merkeleg med Frp som gjer at dei syg veljarar frå alle parti.

2. – Nei.

3. – Stå på Høgre sine grunnverdiar: tillit til at einskildmenneske tek ansvar for seg sjølv, kombinert med eit skikkeleg sosialt nettverk under dei som ikkje maktar å greie seg sjølv. Men eg må nok seie det har vore ein tendens til at merksemda til Høgre har lege mest på det første leddet.

4. – Det har eg inga meining om nå.

– Har fått som fortent

Elisabeth Aspaker var nestleiar 1994-1998. I dag stortingsrepresentant. Ho svarar slik:

1. Det er ikkje lett å sette fingeren på. Men vi fekk eit valresultat som viste at vi ikkje var i takt med det folk var opptekne av. Vi må utvide plattforma og skape eit større register av saker.

2. – Høgre må vere Høgre, så må partia finne kompromiss som alle kan leve med.

3. – Vi må halde fram prosessen med å utvide det politiske grunnlaget. Vi må bygge organisasjonen. Stortingsgruppa må backe opp dei lokalpolitikarane som skal ut i valkamp neste år. Og så må vi bli tydelegare, litt tøffare, ikkje så omstendeleg.

4. – Det syns eg partiet bør finne ut av på det tidspunktet som er aktuelt, kven som skal vere statsministerkandidat.

– Eigen ståstad viktig

Jan Petersen, partileiar 1994-2004, nå stortingsrepresentant, svarar slik:

1. – Det går opp og ned. Eg kan ikkje peike ut noka bestemt årsak. Dette har vi vore igjennom før.

2. – Det viktige er å definere eigen ståstad. Vi skal vere stolte av å ha løyst dei hovudutfordringane vi har stått over for.

3. – Det skal eg som tidlegare partileiar ikkje seie noko om. Og i alle fall ikkje i pressa.

4. – Ja, det bør ho vere.

– Prega av «butikk»

Astrid Gjertsen var nestleiar 1978-1982:

1. – Ein kan ikkje berre skulde på leiinga. Men eg trur Høgre har gjort ein kjempetabbe ved å la organisasjonen bli bygd kraftig ned på lokal- og fylkesplan gjennom dei siste 15 åra. Det er blitt ein stor avstand mellom veljarane og partiorganisasjonen. Eg trur Frp har kopiert Høgre sin tidlegare organisasjonsmodell og vinn på det. Dessutan førde Høgre ein valkamp som var prega av «butikk». Alt dreidde seg om kroner og skatt, og ein gløymde varme og omsorg for dei som treng det. Det har Frp visst å utnytte.

2. – Høgre må drive politikken sin og ikkje justere seg til Frp, og samarbeide frå sak til sak.

3. – Høgre bør vende seg meir utover, bli meir publikumsorientert. Innhaldsmessig må partiet stå fast på ein liberalkonservativ kurs og ikkje tenkje så mykje på kva som lønner seg frå dag til dag.

4. – Det er langt fram. Kommunevalet neste år blir totalt avgjerande.

Nei til tilnærming til Frp

Inge Lønning var nestleiar 1998-2002:

1. – Eg trur ikkje det er noko gale med Høgre. Men vi er inne i ein situasjon med stor uro i veljarmassen med veldig raske forflyttingar. Eg trur det dels har samanheng med at mange velgarar er skuffa over den nye regjeringa og oppfattar at støtte til Frp er det som raskast kan føre til regjeringsskifte. Dette fell også saman med ein veldig høg oljepris, og for Frp er det lett å love gull og grøne skogar. Eg trur dette vil endre seg raskt. Vi veit at alt som går opp, også kjem ned, men det er ikkje alltid slik at det som er nede, alltid går opp.

2. – Nei det syns eg ikkje. Å konkurrere med Frp på dei områda der Frp har populære standpunkt er dømd til å mislykkast.

3. – Partiet må gjenreisast og ha tiltru til at veljarane kjem til sans og samling og har tillit til ein etterprøvbar og langsiktig politikk. Brå skifte er ikkje av det gode.

4. – Tre år er lang tid i politikken. Men med mindre det skjer noko heilt uventa bør Erna vere statsministerkandidaten.

– Er ikkje synsk

Håkon Randal var nestleiar 1980-84:

1. – Høgre har kanskje kvilt litt lenge på laurbæra frå regjeringskontora. Ein bør kanskje seie meir om kva ein vil i framtida.

2. – Høgre har i alle år vore den ivrigaste pådrivaren for borgarleg samarbeid. Ein bør samtale.

3. – Partiet bør halde fast på ideologien sin, ikkje freiste å endre politikk og kaste leiarar. Det siste ein bør gjere er å skifte kurs og tru at alt vil bli betre. Samstundes må eg seie at det har blitt for mykje pengefokus i politikken, der alt står om kroner. Partiet må også hugse på at den største veljargruppa i landet, er den over 60 år. Den utgjer meir enn 30 prosent av veljarane.

4. – Ja. Dersom ho er partileiar i 2009. Men eg er ikkje synsk.

– Tre år er lang tid

Arne Skauge var nestleiar 1984-86:

1. – Problemet for Høgre er at partiet har sete med styringsansvar i ei tid då folk trur at pengar er nøkkelen til ressursar og løyser alle problem. Slik er det ikkje.

2. – Eg synest Erna sitt utspel nå - at partia fram mot neste val må sondere terrenget, teste ut samarbeidsgrunnlaget på ikkje-sosialistisk side, er fornuftig.

3. – Dersom Høgre kan greie å spele ei brubyggarrolle slik at sentrumspartia blir med, er det viktig.

4. – Det er ingen tvil at dersom Erna får partiet oppover og i drift framover, vil ho vere naturleg kandidat. Men tre år er lang tid i politikken.

– Lite sosialt engasjement Wenche Frogn Sellæg var nestleiar 1988-90. Ho har dette å seie:

1. – Høgre kom i koalisjonsregjeringa i ein posisjon der partiet vart usynleg. Partiet var lojalt mot Bondevik som vart den mest profilerte politikaren, naturleg nok. Samstundes kunne Frp «frilanse» løysingar akkurat så mykje partiet lysta. Eg har jobba i helsevesenet i all mi tid og må nok seie Høgre sitt sosiale engasjement er blitt nærmast usynleg.

2. – Høgre bør innleie samarbeid på Frp når det nærmar seg valet. Ein treng tid på å utvikle eit tillitsfullt samarbeid, og difor bør ein starte samarbeidet på det personlege planet.

4. – Ja.

Arkiv