Dette er startsignalet framfor haustsesjonen i stortinget frå partiformann og parlamentarisk leiar Siv Jensen i Frp.

Sentralstyret og stortingsgruppa var i går samla til strategikonferanse for å diskutere og legge opp arbeidet fram mot kommunevalet i 2007 og stortingsvalet i 2009.

For første gong på ein mannsalder var det ein annan enn Carl I. Hagen som hadde denne rolla.

Hagen sat i salen, som tilhøyrar. Til Bergens Tidende seier han: Dette er herleg. Dette går fint.

I går varsla Jensen at noko av det første Frp vil gjere når Stortinget kjem saman, er å legge fram eit forslag om å halvere el-avgifta og momsen på elektrisitet.

— Det vil redusere straumutgiftene med 4000 kroner for eit hushald. Det vil hjelpe mange. Så får vi sjå om dei andre partia vågar å røyste imot, kunngjorde Jensen.

Slo alle vegar

Jensen gjekk i strupen på regjeringa og Odd Roger Enoksen som vart skulda for passivitet. Men også Høgre fekk unngjelde. Jensen gav uttrykk for at ho ikkje forstår at Høgre vågar å gå så høgt ut på banen ved å kritisere regjeringa når partiet sjølv har bak seg ein periode på fire år i regjering.

Jensen raljerer over Stoltenberg-regjeringa som blir skulda for å vere visjonslaus og passiv. Men samstundes varslar Jensen at ho ventar at det utover hausten vil kome ein straum av store, tunge saker frå regjeringa som vil bli svært krevjande for Frp, som det største opposisjonspartiet.

Leiande opposisjonspartiet

— Det forpliktar å vere det leiande opposisjonspartiet når vi skal markere vår eigen politikk. Oppslag kjem ikkje av seg sjølv. Vi må jobbe hardare, var bodskapen.

Partiet legg nå ein slagplan for korleis ein skal opptre i kommunevalkampen neste haust, dels som ansvarleg «posisjonsparti», som må forsvare seg i ein del kommunar, dels som opposisjonsparti og utfordrar i andre kommunar.

Partiet vil også målmedvite arbeide for å bu seg på å innta regjeringskontora i 2009 i samarbeid med andre.

— Vi skuldar veljarane våre å vere budde slik at regjeringsansvar ikkje kjem som julekvelden på kjerringa. Vi skal ikkje gå på trynet gong på gong slik SV har gjort, kunngjorde Jensen.

POPULISTISK: Siv Jensen har opplevd tilbakeslag i ulike meiningsmålingaretter at ho tok over som partileiar for Carl I. Hagen i Frp. I går lanserte hoblant anna forslag om billegare straum då partiet heldt strategikonferansei Oslo. FOTO: TOR RICHARDSEN, SCANPIx
Scanpix (arkiv)