Det opplyser revisoren sjølv, Jan L. Stub, til Bergens Tidende. Stub kravde i 1998 dokumentasjon for at «rette vedkomande» hadde gjort vedtak om overføring av pengane.

Purra Hagen

To gongar måtte han be om å få dokumentasjon frå Carl I. Hagen — først i september og så i desember - før han fekk svar: Utskrift av ein protokoll frå stortingsgruppa, underteikna av alle dei seks attverande stortingsrepresentantane: Carl I. Hagen, John Alvheim, Fridtjof Frank Gundersen, Hans J. Røsjorde, Øystein Hedstrøm og Jan Simonsen.

Etter at han fekk dokumentasjon, godtok revisoren transaksjonane.

Dermed avgav han ei «rein» erklæring, og informasjon om transaksjonane og pengebruken kom då ikkje fram til administrasjonen og presidentskapen på Stortinget.

Pengane betalt tilbake

Kontoen vart først oppgjort og avslutta og pengane førd tilbake til stortingsgruppa i juni i år, etter at kontoen kom sterkt i søkelyset gjennom oppslag i VG.

Torsdag opplyste Frp-leiar og parlamentarisk leiar, Siv Jensen, til BT at Carl I. Hagen har førd over 100.000 kroner tilbake til stortingsgruppa.

Hagen seier at det berre vart gjort ei overføring til reisekontoen, som fekk namnet «Frp-gruppen (93-97) s Fond».

Revisoren Stub var i ei årrekkje revisor både for Frp sin partiorganisasjon og for stortingsgruppa. Samstundes var han medlem i partiet og folkevald for Frp.

Frp var i går så hardt pressa i denne saka at partiet fann grunn til å sende ei orientering til riksrevisor Kosmo.

— Etter dette ser ikkje eg grunn til å gjere noko med denne saka, seier Kosmo til Bergens Tidende.

Kredittilsynet, derimot, opplyser at dei vil vurdere å sjå på saka.