• Nei, Anita. Det går ikkje an å sila dei verdige frå dei uverdige kyrkjemedlemmene slik du vil.

RAGNHILD HOV ragnhild.hov@bergens-tidende.no

Kyrkjedebatten

Leiaren i Stortingets kyrkje— og undervisningskomité, Ranveig Frøiland slår strekt tilbake mot sambygdingen Anita Apelthun Sæle for hennar meining om korleis menighetsrådsvala skal avviklast i framtida. Ho mislikar sterkt at den frittalande Kristeleg Folkepartirepresentanten meiner at det berre er kyrkjegjengarene som skal vera med å seia si meining om kven som skal ha tillitsverv i menighetane.

Medlemskapet avgjer

— Det må vera medlemskapet og ikkje kor mange gonger ein går i kyrkja som skal telja i denne samanhengen. Vi som ikkje er faste kyrkjegjengarar, men er medlemmer av Den norske kyrkja, må også ha rett til å ta del i det kyrkjelege demokratiet. Kyrkjegang skal ikkje vera inngangsbilletten til eit fullverdig medlemskap. Det må vera nok å vera innskreven i kyrkjebøkene, seier ho. Frøiland har også merka seg Apelthun Sæle sterke utfall mot kyrkjestatsråd Trond Giske i gårsdagens BT.

Ingen overprøving

— I tilsettingsaka i Majorstuen menighet kan ingen skulda statsråden for å ha dreve ulovleg overprøving. I denne saken anka eit mindretal i Oslo kyrkjedømmeråd ei fleirtalsavgjerd inn for departementet. I personalsaker er departementet den einaste lovlege ankeinstansen. Eg kan ikkje sjå at dette skulle vera nokon ulovlig overprøving, seier Frøiland. - Apelthun Sæle ville innføre ein heilt ny praksis dersom ein skulle gjera kyrkjemøtet til ankeinstans, understrekar Frøiland som også leiar Arbeiderpartiets kyrkjeutval som på haustens landsmøte skal leggja fram partiets nye kyrkjepolitikk.

Ekstremt

— Kyrkjemøtet er ikkje noko forvaltningsorgan. Synspunktet til Apelthun Sæle trur må oppfattast som ekstremt sjølv blant Kristeleg Folkeparti-folk. Til no har i alle fall eg til gode å høyra slike synspunkt frå andre i hennar parti, seier komitéleiaren i kyrkje og undervisningskomiteen.