Plaststrå med sæd frå nitti menn ligg forsegla oppi ein kvit tank med flytande nitrogen på Kvinneklinikken i Bergen. Kvart strå inneheld eit håp om biologiske barn i framtida – trass i kreftsjukdomen.

Halvparten av mennene som har valt å fryse ned sæd i spermbiobanken ved Haukeland Universitetssjukehus, har testikkelkreft. Resten har andre krefttypar eller sjukdomar som kan gjere det vanskeleg å bli far etter behandlinga.

– Den psykologiske effekten av å fryse ned sæd er stor. For nokre er dette den einaste måten å bli biologisk far på, seier sjefsingeniør Siren Skrede ved Seksjon for assistert befruktning.

Sædcellene kan berre brukast til framtidig assistert befruktning av ektefelle eller sambuar.

Halvparten takkar ja

Hittil i år har tjue menn takka ja til å fryse ned sæd, og avdelinga forventar at talet kjem til å stige til åtti innan året er omme.

Haukeland er det tredje sjukehuset i Norge som har oppretta spermbiobank, og sjukehuset i Haugesund har nyleg gjort det same. Tidlegare måtte pasientar frå Helse Vest dra til Rikshospitalet eller St. Olavs Hospital i Trondheim.

– Mange tenkte at det vart for omfattande å reise så langt i den situasjonen dei var i. No har dei fått eit tilbod i nærområdet, fortel Skrede.

Kring halvparten av alle nydiagnostiserte menn med testikkelkreft ønskjer å fryse ned sæd. Det bør skje så kjapt som råd etter at diagnosen er stilt, og ein veit at sjukdomen eller behandlinga kan gå ut over kvaliteten.

Menn som opprettar «konto» i spermbiobanken er kring tretti år i snitt – den yngste er tenåring, den eldste 52 år.

Klarar seg utan frosenvare

For mange blir det aldri nødvendig å gjere «uttak» i spermbiobanken seinare i livet, viser ein norsk studie. Tjue år etter behandling for testikkelkreft vart 47 prosent pappa utan assistert befruktning. Berre sju prosent nytta seg av den frosne sæden.

– Dette er ei samansett gruppe. Mange får tilbake evna til å bli biologisk far etter eit halvt år. Hos andre blir spermieproduksjonen aldri gjenoppretta etter behandling, fortel Skrede.

I nitrogentanken på KK ligg prøvane til det blir behov for dei, eller til dei blir øydelagde. Lagringstida er ti år, og prøvane blir destruerte når mannen fyller 55 år. Dette er øvre aldersgrense i Bioteknologilova for tilbod om assistert befruktning for menn.

Bergensbanken er for ny til at det er blitt barn av innhaldet. Men frå ein annan klinikk har seksjonen fått utlevert materiale frå fire menn som ønskjer behandling med ektefeller eller partnarar i Bergen.

– Fire par er under behandling og to av dei er blitt gravide takka vere tilbodet om å fryse ned sæd, fortel Skrede.

Kva synest du om saka? Sei di meining her.

BANK I TANK: På Haukeland Universitetssjukehus får kreftsjuke menn tilbod om å fryse ned sædceller, dersom dei får behov for assistert befruktning, når behandlinga er avslutta. Etter at spermbiobanken vart etablert i 2006, har kring nitti menn takka ja til tilbodet, opplyser sjefsingeniør Siren Skrede ved Seksjon for assistert befruktning på Kvinneklinikken i Bergen.
Larsen, Bjørn Erik