Frå det Valla refererte til som «den røde fares høgborg» refsa ho regjeringa for den høge arbeidsløysa. Ho kritiserte framlegget til ny arbeidsmiljølov (som rett nok er betre enn framlegget som kom frå utvalet leia av tidlegare LO-advokat og statssekretær for Ap, Ingeborg Moen Borgerud).

Ap-leiar Jens Stoltenberg vart introdusert som «vår neste statsminister» då han helsa kongressen. Med det fekk kongressen også marsjordre fram mot stortingsvalet.

Valla kritiserte regjeringa for passivitet i forhold til sosial dumping. Og ho greip fatt i grådige næringslivsleiarar, eksemplifisert ved generaldirektøren i Norsk Hydro, Eivind Reiten. Han fekk på pukkelen for å legge ned hundrevis av lønsame arbeidsplassar i Årdal og Høyanger medan han sjølv i løpet av fire år har teke ut 27 millionar kroner i lønn, bonus og opsjonar.

— Kva slags leiarskap er det? Spurde Valla, og svara sjølv: «Det er ikkje leiarskap. Det er kollektiv ufornuft frå samfunnstoppar som stadig krev moderasjon frå oss.»