— Det store kuttet på Statped har fått dramatiske konsekvensar for kompetansesentra for døve. Det må vi snarast rette opp. Eg har lovd foreldra at eg skal gjere det eg kan for at dette skal gjerast i revidert nasjonalbudsjett, seier Frøiland.

Det var budsjettforhandlingar mellom regjeringa og Arbeidarpartiet som førte til kutt i løyvingane til Statped på 25,5 millionar kroner. Kuttet ramma elevar og tilsette ved Vestlandet kompetansesenter hardt. 30 lærarar og funksjonærar mister jobben, slik BT skreiv fredag.

— Ap gjekk til forhandlingar med regjeringspartia i haust for å få ein betre sosial profil på budsjettet. Vi fekk auka løyvingane til skule, helse og arbeidsplassar. Vi fekk bort moglegheit for mellombels tilsetting, reduserte eigenbetaling på blå resept, og vi redda blant anna internatdrifta ved Krokeide yrkesskule. Motkravet var kutt. Regjeringspartia la fram si kuttliste, og frå Arbeiderpartiet si side godtok vi dette, forklarar Frøiland.

I BT laurdag gjekk sentralstyremedlem i KrFU Filip Rygg ut og kritiserte regjeringa Bondevik for å ha late seg lure med av Ap og Høgre på kutt som rammar ei svak gruppe.

— KrF har alltid kjempa for dei svake. Vi må ikkje la Arbeidarpartiet og Høgre øydeleggje for denne profilen, uttalte Rygg.

Denne uttalen får Frøiland til å reagere.

— Ta ansvaret for det KrF har vore med på, Filip Rygg, og kom ikkje med slike sleivspark, seier ho.

— Arbeidarpartiet vil alltid vere oppteken av dei svake gruppene. Døveskulane treng meir pengar. Arbeiderpartiet skal gjere sitt, lovar ho.