VIDAR YSTAD

— Då fjerna forsvarssjefen eit av dei beste instrumenta han hadde til å kontrollere pengebruken i Forsvaret.

Det seier den tidlegare sjefen for forsvarssjefens internrevisjon, Oddbjørn Grinden, til Bergens Tidende.

Uavhengig kontrollør

Internrevisjonen med 10-15 høgkompetente medarbeidarar rapporterte direkte til forsvarssjefen og var uavhengig i forhold til stab og line-organisasjon i Forsvaret. Seinare har forsvarssjefen oppretta ein ny kontrollfunksjon på tre medarbeidarar som er plassert i lina langt nede i organisasjonen.

Rapportane gjekk også frå forsvarssjefen med kommentarar til Riksrevisjonen.

— Vi hadde stor nytte av rapportar frå og samarbeid med Forsvarssjefens internrevisjon, seier ekspedisjonssjef Hans Conrad Hansen i Riksrevisjonen.

- Likte ikkje kritikk

— Vi gjekk inn og kontrollerte der det var mistanke om at styringa var ute av kontroll. Rapportane våre var til dels svært kritiske og negative. Dei som vart utsett for kritikk, likte ofte ikkje det vi skreiv. Det kom framlegg om nedlegging av internrevisjonen. Det vart grunngjeve med «spareomsyn». Særleg vart motviljen stor etter at Aftenposten hausten 2000 laga store oppslag om ein kritisk rapport vi hadde laga om øvingsprogrammet, seier Grinden.

Grinden forklarar at denne rapporten til liks med andre rapportar frå internrevisjonen vart unnteke frå offentleg innsyn då han vart sendt til Forsvarssjefen. Frå Forsvarets Overkommando vart rapporten sendt vidare til Riksrevisjonen. Aftenposten fanga opp denne oversendinga og bad om innsyn. FO fann ikkje grunnlag for å hemmeleghalde rapporten, og avisa fekk innsyn. Etter det vart trykket mot internrevisjonen endå sterkare, fortel Grinden.

«Strupa» oppdraga

— Befalsorganisasjonane gjekk sterkt imot nedlegging, og det vart ikkje fatta vedtak om nedlegging. Men etter kvart fekk vi ikkje oppdrag. Vi som arbeidde i revisjonen forsto at tida vår var ute. Folk søkte seg vekk eller tok imot avgangspakkar og slutta. Sjølv slutta eg 1. mars 2001, seier Grinden.

Bergens Tidende har vore i kontakt med fleire av dei som arbeidde i internrevisjonen. Dei gjev alle opplysningar som underbygger framstillinga til Grinden.

- Ville ha hjelpemiddel

— Eg oppretta internrevisjonen som eit hjelpemiddel for å vurdere konsekvensar og verknadar av omstillingar i Forsvaret. Det skjedde store omstillingar i Forsvaret også i mi tid, og det var viktig for meg å få eit instrument som kunne analysere prosessane, seier tidlegare forsvarssjef Arne Solli til Bergens Tidende.

Han seier at han i fleire samanhengar hadde god nytte av arbeidet i internrevisjonen som var direkte underlagt forsvarssjefen og rapporterte direkte til han.

Han legg til at det tek tid å bygge opp den kompetansen som trengst i ein slik organisasjon. Det skjer ikkje over natta. Han meiner at det vart eit godt og nyttig samarbeid mellom internrevisjonen og Riksrevisjonen.