Onsdag skreiv BT at forsvarssjef Frisvold «bløffa» komiteen då han forklarte seg under den opne høyringa.

Dette var basert på reaksjonane frå dei som overvar høyringa. Det handla om eit viktig brev som var sporlaust borte i Forsvarets Overkommando.

Høyringa galdt i kva grad forsvarsminister Kristin Krohn Devold har forsømd seg i forhold til pliktene sine overfor Stortinget i ei sak som gjeld oppseiing av avdelingsdirektør Owe Ellingsen i Forsvarets Overkommando.

Ellingsen sin advokat, Erik Fredum, var mellom dei som oppfatta at Frisvold gav uttrykk for at Forsvaret hadde bede om å få kopi av brevet som forsvann.

Overfor Bergens Tidende gav Fredum uttrykk for at det ikkje stemte at Forsvaret hadde bede om ein kopi.

Stortingskomiteen skal avgje innstilling måndag og saka kjem opp i Stortinget torsdag 19.

Svarte ikkje eksakt

Det stenografiske referatet frå høyringa ligg nå føre. Det syner at forsvarssjefen formelt sett kan seie at han ikkje «bløffa» eller gav urette opplysningar til stortingskomiteen. Han let rett og slett vere å svare eksakt på spørsmålet.

I eit svar på spørsmål frå Frp-formann Carl I. Hagen, uttalte forsvarsministeren at «det er uheldig» at brevet er blitt borte. «Derfor har vi også bedt om at man måtte lete tenkelige og utenkelige steder».

Carl I. Hagen: «Hva gjorde Forsvaret da de oppdaget i det første purrebrevet at de manglet et brev? Tok Forsvaret kontakt med brevskriver og bad om å få en kopi øyeblikkelig?»

Sigurd Frisvold: «Jeg tror det har vært telefonisk kontakt 8. oktober mellom Forsvaret og advokatfirmaet, så vidt jeg kan se.»

Opplyse saka best mogeleg

Saksordføraren for saka som var til høyring, stortingsrepresentant Siri Hall Arnøy (SV), kommenterer saka slik overfor Bergens Tidende:

— Forsvarssjefen var til stades på høyringa for å medverke til å opplyse saka best mogeleg, slik alle som møter til høyring pliktar. Ein opplyser ikkje saka best mogeleg ved å ikkje svare på spørsmåla som blir stilt, eller svare på ein slik måte at han svarar på noko anna enn det tilhøyrarane trur han svarar på.

— Hadde eg vore forsvarssjef, trur eg at eg ville ha sendt eit brev til komiteen og presisert kva eg meinte med det eg sa for å rydde all tvil av vegen, seier Arnøy.

Hagen seier i dag at han nå ikkje «vil blåse meg opp over forsvarssjefen». Men han legg til: «det er ein uakseptabel slendrian at Forsvaret ikkje sytte for å skaffe seg ein ny kopi av brevet då ein gjennom purrebrev vart klar over at ein mangla det opprinnelege brevet».