— Heile bransjen er oppteken av rekrutteringsproblemet, seier Thina Hagen, kompetanserådgjevar i OLF (Oljeindustriens Landsforening), som er mest oppteken av det langsiktige påfyllet av kompetanse i oljenæringa.

— Vi er uroa fordi heile ungdomskull det siste tiåret nærmast systematisk har valt bort kjernefunksjonane real- og teknologifag, seier Thina Hagen til Bergens Tidende. Ho gler seg likevel over at interessa for ingeniørfagutdanninga i år endeleg er på veg opp att.

— Tala frå samordna opptak viser ein sterk vekst for ingeniørfaga. Det er flott at ungdommen har fått trua på olje- og gassindustrien som ein framtidig arbeidsplass, seier Hagen.

OLF har ingen felles politikk for rekruttering av ingeniørar blant pensjonistar eller i utlandet for å dekka det enorme behovet som bransjen no opplever. Men Thina Hagen har merka seg at fleire selskap er aktiv overfor seniorane og har rekruttert ledige ingeniørar både i Sverige og India.

- Treng pensjonistane

— Bransjen treng pensjonistane. Dei sit på viktig kompetanse, og mange er villige til å stå lenger i jobb dersom det blir etablert fleksible løysingar, seier Cecilie Sælen, operativ leiar i Ross Offshore AS, eit konsulentselskap som har 55 ingeniørar i teneste for norsk oljenæring.

Generasjonsskiftet i oljenæringa og det høge aktivitetsnivået har gjort underskotet på fagpersonell ekstra merkbart. Av fem nytilsette i Ross Offshore denne månaden er alle utlendingar, ledige norske ingeniørar er ikkje å oppdriva, ifølgje Sælen. Som har teke problemet opp i Norsk Petroleumsforening.

Generasjonsskifte

— Vi ser eit enormt stort aktivitetsnivå framover. Når styresmaktene er med på å leggja opp det løpet, må dei óg hjelpa til med å sikra at det kan bli gjennomført, seier Cecilie Sælen. Ho peikar på at norsk olje- og offshorenæring er midt inne i eit skifte der den første generasjonen ingeniørar som bygde opp norsk oljeindustri går av med pensjon utan at det er råd å erstatta kompetansen dei representerer.

— Marknaden er heilt støvsugd for norske ingeniørar. Vi etterlyser initiativ til å kartleggja situasjonen og å leggja forholda til rette for å kunna betra situasjonen. Norsk oljenæring treng ingeniørar no, og kan ikkje venta i seks-sju år på at nye store kull blir uteksaminerte. I det minste bør vi i ein overgangsperiode tillata at pensjonerte ingeniørar som ønskjer å arbeida i oljebransjen får høve til det utan tap av pensjonsinntekt, meiner Cecilie Sælen.

Soria Moria og Frp

Regjeringspartia vil ifølgje Sora Moria-erklæringa sørgja for ein seniorpolitikk «som bidrar til at eldre oppfattes som en positiv ressurs for arbeidslivet». Seks Framstegsparti-representantar med partileiar Siv Jensen i spissen har i vår bede regjeringa føreslå endringar i folketrygdlova slik at folk over 67 år som ønskjer det kan få økonomisk fordel av å halda fram i arbeidslivet.

Arbeids- og sosialkomiteen avgir si innstilling 30.mai, Stortinget behandlar lovforslaget truleg i juni. Konkret ønskjer Frp å fjerna all avkorting av pensjonen for dei over 67 år som har arbeidsinntekt. Partiet fremja eit tilsvarande forslag for vel fire år sidan. Det resulterte i at avkortingsgrensa blei heva frå 1 G (grunnbeløpet i folketrygda) til 2 G. Det betyr at folk mellom 67 og 70 år no kan ha ei arbeidsinntekt på rundt 120.000 kroner året utan at pensjonen blir redusert. Frp synest det økonomiske insentivet for å stå i arbeidslivet skal bli endå sterkare, og er også einig i at dei som frå fylte 62 år kan ta ut avtalefesta pensjon (AFP) bør kunna ha meir enn dagens tillatne 15.000 kroner året i lønsinntekt utan at pensjonen blir rørt.

PÅ INGENIØRFRIERI: Operativ leiar Cecilie Sælen i RossOffshore AS er tvinga utanlands etter medarbeidarar pågrunn av prekær ingeniørmangel i Noreg.