Ved avrøystinga fekk han 164 røyster. Friele vart dermed vald inn som nr. 4 av dei fem kandidatane som var i finalen.

Flest røyster fekk Ine Marie Eriksen Søreide, 252, medan leiaren av Unge Høgre, Torbjørn Røe Isaksen, fekk 248 røyster.

Thorhild Widvey, opphavleg frå Karmøy, men no frå Oslo, vart nr. 3 med 242 røyster.

Det var fire kandidatar som skulle veljast. Den femte, Jonni Solsvik, ordførar i Andøy kommune i Nordland, fekk 130 røyster.

Elles vart Erna Solberg attvald som partileiar med akklamasjon. Jan Tore Sanner var klappa inn som 1. nestleiar. Den nye i partileiinga, Oslos byrådsleiar Erling Lae, vart og klappa inn som 2. nestleiar.

VALD INN: Herman Friele vart vald inn i Høgre sitt sentralstyre som nr. 4 av dei fem kandidatane som var i finalen.
Bergens Tidende, arkivfoto