— Hyggeleg å bli invitert, sa Røkke, men lova ingenting - enno.

På sosialkontoret såg dei arbeidslause slutten på tre års depresjon og jobbtørke. Butikkeigarane tenkte gode tankar om meir trafikk og nye kundar. Ordføraren såg Barentshavet opne seg med alle sine gass- og oljerikdomar. På festninga pussa kommandanten på talen og hotellet skrudde på varmen. Snøen smelta i gatene, mismotet losna grepet. Til og med våren tok turen innom Vardø saman med Kjell Inge Røkke i går.

Uttrykket «enorm forventning» er inga overdriving for å skildre korleis vardøværingane stiller seg til at Røkke vurderer å kjøpe den moderne, men konkursråka fiskefabrikken på Svartnes like ved byen.

I tre år har fabrikken stått tom etter at morselskapet West Fish gav opp. Alle forsøk på å få ny drift etter konkursen i 2002 har hittil vore forgjeves.

Men no vil Røkke-selskapet Aker Seafoods (tidlegare Norway Seafoods) kjøpe konkurrentane West Fish og Nordic Sea Holding og bli det største fiskebåtreiarlaget i Noreg.

Vardøværingane helsar oppkjøpet velkome og vonar det skal blåse støvet av plikta dei førre eigarane hadde til å levere fisk i Vardø, slik at fiskeindustrien på ny kan bli byens største arbeidsgivar.

REDNINGSMANNEN? Vardøværingane har enorme forventningar til at Kjell Inge Røkke (heilt til h.) skal blåse nytt liv i byen. Vardø-ordførar Rolf E. Mortensen (nummer to frå v.) tek imot delegasjonen som også består av konsernsjef Yngve Myhre i Aker Seafoods (til v.) og . konsernsjef Leif Arne Langøy i Aker (nummer tre frå v.). <br/>Foto. FRED IVAR UTSI KLEMETSEN