— Me ser at intensjonane er gode. Mange studentar er nøgde, men det viser seg at Kvalitetsreforma ikkje er fullfinansiert enno.

Det seier Kristina Haugland, fag- og forskingsansvarleg i Studentenes Landsforbund (StL)

StL har saman med Pedagogstudentene og NITO-studentene gjennomført ei spørjeundersøking blant studentar ved alle utdanningsinstitusjonane i Noreg. 1254 studentar, dei fleste av dei høgskulestudentar, har svart på spørsmåla som dreiar seg om korleis studentkvardagen er etter innføringa av Kvalitetsreforma hausten 2003.

Kvalitetsreforma legg opp til tettare oppfølging av studentane. Men 29,5 prosent av dei som deltok i undersøkinga seier at dei får rettleiing aldri eller berre ein gong i semesteret. 7,4 prosent av studentane opplever at rettleiinga skjer systematisk.

Med kvalitetsreforma kom òg det nye karaktersystemet og nye eksamensordningar. 85 prosent av studentane seier at dei nesten berre får undervisning i form av tradisjonelle førelesingar, og fire av ti seier at dei aldri eller i lita grad har opplevd mappeevaluering. Det er heller ikkje fleire enn ein av tre som stolar på den nye karaktersetjinga. Studentorganisasjonane trur dette skuldast at mange opplever at rettleiar og sensor er same person.

Kristina Haugland etterlyser større politisk vilje.

— Studentane får ikkje tilstrekkeleg rettleiing. Samstundes er arbeidsdagen vorte tøffare for dei tilsette. Dei skal no forska, gi variert undervisning og gi oftare rettleiing enn før. Det er ikkje vorte fleire vitskapleg tilsette, seier Haugland.

— Det vert sagt at reforma no er fullfinansiert og at resten vil falla på plass av seg sjølv. Me meiner at løyvingane må aukast, seier Haugland.

Heile undersøkinga er klar over helga.