Framlegget er utarbeidd på oppmoding frå justisminister Knut Storberget, etter møte Holme har hatt med statsråden.

Dette framgår av korrespondanse mellom Justisdepartementet og Sivilombodsmannen.

Det gjer saka politisk ekstra delikat. Men justisminister Storberget ville i går ikkje uttale seg om korleis han stiller seg til framlegget frå Holme.

Holme opplyser til Bergens Tidende at han har teke saka opp i eitt møte med statsråd Storberget og eitt møte med statsråd Bjarne Håkon Hanssen. Han vil ikkje seie noko meir om innhaldet i møta.

«Skyt» ned

Holme var statssekretær for Venstre under tidlegare justisminister Odd Einar Dørum (V). Nå «skyt» Dørum framlegget frå Holme ned på denne måten:

– Vi kan ikkje ha «hemmelege» domstolar i ein rettsstat som Noreg. Kampen mot terror må skje på rettsstatens premissar og prinsipp. Og Venstre står på prinsippet om domstolskontroll i saker som gjeld kampen mot terror, seier Dørum til Bergens Tidende.

Advokat Cato Schiøtz, som leier rettstryggleiksutvalet i Advokatforeningen, er sterkt kritisk til framlegget frå Holme. Han meiner det vil innebere ein svekka demokratisk kontroll med forvaltninga.

– Påstanden om at framlegget vil innebere styrking av rettstryggleiken er å snu saka fullstendig på hovudet, og det må Holme opplagt forstå. Di meir løynt og di meir utplukka eller handplukka aktørane blir, di større blir rettstryggleiksproblema, seier Schiøtz til Bergens Tidende.

– Ikkje tenleg

– Rettstryggleiken er best tent med opne prosessar. Dette framlegget er ikkje tenleg. Så kan ein seie at i enkelte saker, må ein halde tilbake visse opplysningar, men det er eit marginalt problem. Eit langt større problem er det at Noreg har sendt ut flyktningar og asylsøkjarar som har fått ein ublid lagnad. SV er heilt imot å svekke rettstryggleiken, som eg opplever at dette framlegget vil innebere, seier Olav Gunnar Ballo til BT. Han er SV sin justispolitiske talsmann.

PST-sjef Holme seier til Bergens Tidende at han meiner sterkt at framlegget vil styrke rettstryggleiken for dei som vil bli omfatta av ordninga.

– Ei reell nemndbehandling med høve til å anke til overordna organ, er betre enn ei ordning der statsråden instruerer to underliggjande organ, seier Holme.

Hemmelegstempla

Brevet med det oppsiktsvekkjande framlegget frå PST-sjefen har vore hemmeleghalde i ni månader i Justisdepartementet før departementet gav innsyn. Det skjedde først etter at Sivilombodsmannen hadde uttala klar kritikk mot vurderingane Justisdepartementet hadde gjort.

Av brevet framgår det dessutan at PST-sjef Holme har drøfta dei spørsmåla han tek opp i brevet med både justisminister Knut Storberget og arbeids— og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen, før han sette framlegga sine på papiret.

Korkje Storberget eller Hanssen ville i går svare på kva signal dei har gjeve under desse drøftingane eller korleis dei stiller seg til framlegga.

ÅSERUD, LISE