Men reaksjonane i forskingsmiljøet i Bergen er blanda.

Norske kvinner lever lenger enn dei fleste andre kvinner i verda, vi har betre helsetenester, fødselsomsorg og vilkår for barneomsorg. Likevel meiner helseminister Dagfinn Høybråten at kvinner blir forskjellsbehandla i helse-Norge, og det vil han ha slutt på.

Kvinnehelse er eit kapittel for seg i den nye helsemeldinga, der ein eigen strategi for kvinners helse blir presentert: Forsking på kvinnesjukdommar og kvinners helsetilbod skal få eit løft, og kjønnsperspektivet skal bli sentralt overalt i helsetenesta.

Heilt på sin plass, meiner forskar ved Rokkansenteret i Bergen, Arnhild Taksdal: — Utruleg gledeleg, seier ho til BT.

For lite respekt

— Norske kvinner har det stort sett bra. Når det er sagt, er kunnskapsgrunnlaget for medisinsk forsking i dag først og fremst menn , og bortsett frå litt puppar og eggstokkar og slikt, så har ein gått ut frå at kvinner er akkurat make, seier Taksdal, som var sekretær for Kvinnehelseutredningen i 1999. — Men nyare medisinsk kvinneforsking har vist at det er feil. Det er viktige forskjellar, og vi veit langt mindre om korleis sjukdom rammar kvinner.

Taksdal meiner at hjerteproblem er eit stjerneeksempel. Menn og kvinner blir ramma på ulike måtar, og symptoma er langt vanskelegare å kjenne igjen hos kvinner. Derfor kjem kvinner med hjertetrøbbel seinare på sjukehus enn menn.

— Det er gjort altfor lite forskings på kvinneplager, og legane har ikkje «briller» til å oppdage dei. Kvinner har ofte lite konstruktive møte med helsevesenet, og føler at dei ikkje blir møtt med respekt. Ubestemte helseplager hos kvinner er eit stort og alvorleg problem, også på samfunnsnivå.

- Forpliktar ikkje

Det ho umiddelbart er kritisk til i den nye helsemeldinga er at den er lite konkret og forpliktande når det gjeld kjønnsperspektiv i helsetenestene.

— Du får ikkje travle byråkratar til å utføre vurderingar og saksbehandling som tek omsyn til kjønn, utan å gje dei både pålegg og reiskap, hevdar Taksdal.

Også kvinneforskar og professor i sosiologi, Kari Wærness, synest umiddelbart at Høybråtens kvinnestrategi verkar positiv. Men også ho tek eit atterhald.

— Det heile kjem jo an på kor forpliktande det som står i meldinga er, kor store ressursar som blir tilført og kva type prioriteringar som blir gjort, seier Wærness i ein kort kommentar.

-Fort store ord

Forskingsdirektør ved HALOS-senteret, Hege R. Eriksen, er på si side skeptisk til at forskingsinnsatsen skal rettast inn mot kjønnsforskjellar i helsevesenet.

— Det blir fort store ord. Eg meiner det er viktigare å bruke knappe ressursar til å forske på årsaker og behandlingsformer enn kjønnsforskjellar, meiner Eriksen.

— Men ein del sjukdomar og subjektive helseplager rammar kvinner hyppigare enn menn. Derfor er det viktig å finne årsakene, og finne ut om kvinner bør behandlast annleis enn menn.

Eriksen meiner det er sjølvsagt at medisinsk forsking også skal vere oppteken av kvinners helse.

— Noko anna ville vore latterleg, ettersom kvinner utgjer halvparten av befolkninga, seier ho til BT.