Økokrim har sett Flatland under tiltale for medverknad til grovt heleri og kvitvasking av pengar som stamma frå straffbare handlingar. Her er strafferamma inntil seks års fengsel.

Flatland og Hamre

Ifylgje tiltalen let Flatland venen og travkusken Atle Hamre bruke ein bankkonto i Monaco til å kvitvaske pengar.

Hamre er dømd til fem års fengsel for pengeutpressing mot skipsreiar Thor Christensen i Sandefjord. Ifylgje dommen pressa Hamre Christensen for meir enn 20 millionar kroner.

Hamre sonar nå dommen som vart rettskraftig avgjort i fjor.

Politiet kom på sporet av bankkontoen i Monaco under etterforskinga mot Atle Hamre i pengeutpressingssaka. Flatland vart to gongar avhøyrd som vitne i straffesaka mot Hamre i 1999 og nekta då ifylgje tiltalen einkvar kjennskap til selskapet Benjamin Overseas Inc. som sto bak bankkontoen. Selskapet Benjamin Overseas Inc var registrert på dei britiske Jomfruøyane.

Tømte kontoen

Kort tid etter at Flatland hadde forklart seg som vitne, tømte han ifylgje tiltalen bankkontoen og overførde pengane til ein nyopna konto i ein annan bank i Monaco.

Subisidært til heleritiltalen er Flatland tiltala for falsk forklaring til offentleg styresmakt der forklaringa skulle tenes som bevis. Her er strafferamme inntil to års fengsel.

Det er sett av heile tre veker til straffesaka mot Flatland. To kveldar i veka, måndag og torsdag, skal han leie det direktesendte pengespelprogrammet på TV etter at han på dagtid har sete på tiltalebenken i Oslo tingrett.

Økokrim har innstemna 17 vitne i saka. Aktor i saka er politiadvokat Geir Kavlie. Forsvararen, advokat Erling Lyngtveit, har ikkje funne grunn til å stemne ytterlegare vitne.

Nydal sentralt vitne

Eitt av dei sentrale vitna i saka er byggmeister Øyvind Nydal frå Bergen.

Ifylgje tiltalen overførde Nydal fleire gongar pengar frå ein bankkonto i Banque Scandinavie en Suisse (i Sveits) til bankkontoen tilhøyrande Benjamin Overseas i Monaco. Bankkontoen i Sveits tilhøyrde selskapet Acacias Finance Corp., eit selskap ått av Nydal. 10. desember 1996 vart det overførd 260.000 amerikanske dollar, og 9. januar vart det overførd same beløp.

Ifylgje tiltalen trudde Nydal at han overførde pengar til ein konto som Atle Hamre sto bak.

Pengane vart i hovudsak nytta til kjøp av hestar, etter tilvising frå Atle Hamre.

Ifylgje tiltalen fekk Nydal motytingar i form av hestar eller tenester som vart finansiert med utbyte frå straffbare handlingar.

FRÅ RETTEN TIL TV: I tre veker skal TV-kjendisen Hallvard Flatland sitje på tiltalebenken i Oslo tingrett. På kveldstid skal Flatland to dagar i veka servere TV-underhaldning.<p/>FOTO: TV3.