I praksis fylte same person rollene som nattmeistar, skorsteinsfeiar, heste— og kattegjeldar, m.m.

I 1688 vart titlane bøddel og rakkar bytte ut med skarprettar. Berre rettargjerninga stod att. Skarprettaren steig frå heller vanvyrd byfunksjonær til kongeleg ombodsmann, utnemnd av stiftsamtmannen. Han gifta seg med borgardøtrer, brukte seigneur framfor namnet sitt og handla med byfolk.

På 1700-talet gjekk talet på avrettingar veldig ned. Bakgrunnen var ein åndskamp, forklarar Johan Helberg, dagleg leiar ved Norsk Rettsmuseum.

— Det har klar samanheng med at teologane, som dømde etter Moselova, forsvann ut av Høgsterett, og vart erstatta av juristar. Det var opplysingstida som kom til Danmark-Noreg.

I 1845 kom Riksstyret fram til at det var nok med ein skarprettar. Den første nasjonale skarprettaren vart Samson Isberg, den siste Theodor Larsen. I 1876 vart Sofie Johannesdotter (Halden), Jakob Wallin (Bergen) og Christofer Grindalen (Svartebekken) halshogde, som dei siste i Norge.

Dødsstraff var avskaffa i 1905.